Gudsteneste frå Austrheim kyrkje

Austrheim kyrkje er ei langkyrkje bygd i tre (1865) med 450 sitjeplassar og eit galleri. Det finst to altartavler. Den nyaste syner ”Kristus i Getsemane”.

Austrheim kyrkje
Foto: Hans Ordin Østebø

Gudsteneste frå Austrheim kyrkje, Hordaland.

2. s. e. pinse: Luk. 16, 19-31.

Egon Askvik
Foto: Privat bilete

Kapellan Egon Askvik. Kantor John William Kay. Radøy damekor.

Norsk salmebok: 136 (S-97). 733. 92 (S-97). 116 (S-97). 123 (S-97). 716.

Konfirmantar frå kyrkjelyden deltar som tekstlesarar. Det er konfirmantane Håvard Austrheim, Solveig Hjertaas og Ida Krossøy Nordvik.

Salmene i same rekkjefølgje som numra overfor:

Så grønn en drakt, Noen må våke i verdens natt, Vår himmelske Far, Du åpner døren til ditt rikes komme, Stjernene lyser fremdeles i mørket, Gud, du er rik

Klokkar er Arne Lerøy, og på kornett/fløyter høyrer vi Dorthea Sekkingstad.

Bispemøtet, Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja og Norges Kristne Råd har oppmoda kyrkjelydane i Den norske kyrkja og i andre kristne trussamfunn til å feire "Skaperverkets dag" i samband med markeringa av "Verdens miljøverndag 2007" den 5. juni.

Tekstane denne søndagen har fokus på den store skilnaden mellom fattig og rik i verda. Gud kallar oss til oppbrot frå eit levesett som øydelegg skaparverket og aukar ulikskapen mellom fattige og rike.

Gudsteneste frå Austrheim kyrkje 10. juni.

Om kyrkja

Austrheim kyrkje er ei langkyrkje bygd i tre i 1865. Kyrkja har 450 sitjeplassar og eit galleri. Det finst to altartavler. Den eldste fra 1640, og den andre frå 1842. Den nyaste syner ”Kristus i Getsemane”.

Austrheim sokn har dei same grensene som Austrheim kommune. Soknet høyrer inn under Lindås prestegjeld og Nordhordland prosti/Bjørgvin bispedømme. Det er gudsteneste omlag annakvar søndag i Austrheim kyrkje.

På fredagskveldane

Austrheim kyrkjelyd

Austrheim kyrkjelyd

Foto: Austrheim kyrkjelyd

”Gudsteneste for alle” kallar me gudstenestene me har nokre fredagskveldar. Det er korte gudstenester med ein open og inkluderande atmosfære, og gudstenestene har høg trivselsfaktor. Her er også menneske med utviklingshemming er integrert. Gudstenestene er - som namnet seier - for alle og er delt i to delar: Samling om ord og sakrament - gjerne med dramatisering av bibelteksten - og sjølvsagt kyrkjekaffi.

Kyrkjelydshuset

Soknerådet har ansvar for kyrkjelydshuset. Huset kan lånast/leigast av lag, foreingar og einskildpersonar i Austrheim.

Aktive konfirmantar

Konfirmantane i Austrheim og Fedje har denne vinteren felles konfirmantopplegg.

I haust har det vore fleire samkomer, og det har vore foreldremøte, presentasjonsgudsteneste, konfirmantkveld og lysmesse i kyrkja.

I vårsemestret var konfirmantane med på fasteaksjon.

Dei var engasjerte i påskedagsgudstenester og er med på førebuingane til konfirmantleiren i august.

Han varar ei veke og blir halden på Alværa ved Lavik, sjølve konfirmasjonen blir søndag 26. august.

Gospelkor

Nytt er tre kveldar med gospelkor. I tillegg til konfirmantane vert andre ungdomar inviterte.

Diakoni

Diakoninen står sterkt i kyrkjelyden, og nemnda som steller med det, er aktiv. Alle over 80 år får roser. Dei har ei besøksteneste, syter for kyrkjeskyss og steller i stand festar og turar.

Kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt

Kyrkjelyden har teke på seg ansvar for det arbeidet som Kjetil Vestbøstad og Kari Kaland Vestbøstad driv i Mali - Det Norske Misjonselskap. Det vert samla inn pengar og dei vert teke med i forbøna i gudstenestene. I januar er det kvart år ei misjonsgudsteneste og Kyrkjebakken vil ha informasjon jamnleg. Soknerådet har sett ned ei misjonsnemnd.

Vil du skriva e-post til Egon Askvik, kan du gjera det her.

Preike Austrheim kyrkje 2. sundag etter pinse 2007

Ved Kapellan Egon Askvik

Lat oss be:

Herre, me har kome inn i dette heilage huset ditt og vil høyra det du talar til oss. Du Gud Fader, skaparen vår, Du Jesus Kristus, frelsaren vår, Du Heilage Ande, trøystaren vår i liv og død.

Herre, lat no opp hjarto våre ved din Heilage Ande så me kan læra av ordet ditt, ta i mot det og grunna på det. Lat det me høyrer verta til liv og handling. Deg til ære.

Amen

Dette heilage evangeliet på 2.søndag etter pinse står skrive hjå evangelisten Lukas i det 16.kapittelet:

Jesus sa: Det var ein rik mann som kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og gaman dag etter dag. Men ein fattig mann som heitte Lasarus, låg utmed porten hans, full av verkjesår. Han ynskte berre å få metta seg med det som fall frå bordet åt rikingen. Og hundane kom og sleikte såra hans.

Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde òg og vart gravlagd. Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans. Då ropa han: "Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen." Abraham svara: "Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt. Og dessutan er det ein avgrunn mellom oss og dykk; ingen kan koma herifrå og over til dykk, om dei så ville, og ingen kan koma frå dykk og over til oss."

Då sa den rike: "Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden." Men Abraham sa: "Dei har Moses og profetane; dei kan

høyra på dei." "Nei, far Abraham," svara han, "men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om." Då sa Abraham: "Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde."

(v.19-31)

 

I dag møter me to menn, ein annonym riking og ein navngitt fattig mann, Lasarus. Jesus gir fattigdommen, nauda og lidinga ansikt og navn.

Det er ein himmelvid forskjel mellom desse to. Den rike som kler seg i purpur og fint lin. Kvar dag er ein fest. Mens den fattige Lasarus ligg der utafor døra. Full av verkjesår. Og lever av smulane frå den rike sitt bord.

No er det kanskje litt vanskeleg for oss å heilt identifisera oss med den rike. Purpur og fint lin, fest kvar dag er vel knapt kvardagen for nokon av oss. Men sett med dei fattige, nødlidande sitt blikk, så er det akkurat slik den rike delen av verda ser ut. Ein endelaus fest med overforbruk av det meste. Mens dei må nøya seg med smulane.

Og bildet som vert teikna opp etter at desse to mennene dør, passar dessverre alt for godt på vår verd i dag: Det er i dag ein avgrunn mellom fattig og rik der det kan verka som om ingen kan koma frå den eine sida til den andre, om dei så ville.

Det finst fattige menneske som i dag opplever eit sant helvete. Som må bruka all sin energi å samla saman til det aller mest nødvendige for å overleva denne dagen.

Rike land står i økologisk gjeld til fattige land i sør, etter å ha plyndra deira naturressursar og øydelagt viktige kjelder til livsopphald

I dag er det den fattige som ropar.

Spørsmålet er om det er nokon som høyrer dette fortvilte skriket frå dei som lid, dei pinte, dei tyrste.

Miskunna deg over meg Millionar av enkeltmenneske, mødrer og fedrer, born og gamle ropar:

Sval tunga mi med vatn, eg lid fælt på denne staden. Korleis kan me få ei anna verd?

Korleis er det mogeleg?

Korleis kan me få ei verd der me som er rike veit at me har fått for mykje og at me vert vâr Lasarus som ligg like utafor vår dør?

At me opnar døra

At me stig over denne avgrunnen som er mellom fattig og rik.

Korleis kan det umulige verta mulig?

Eg har fått hjelp til denne preika

Gode vener i kyrkjelyden har vore samla og saman har me sett nærare på tekstane om korleis Jesus møter dei rike i fylgje Lukasevangeliet.

Og liksom me har hjelpt kvarandre med tekstane, trur eg me saman må hjelpa kvarandre med konsekvensane dette skal få i våre liv. Visst må

me ta oppgjeret kvar for oss, men det ligg ein stor styrke i fellesskapet. Dette er sjølvsagt spørsmål som det må arbeidast politisk med på alle plan . Men som eit kristent fellesskap kan me også hjelpa kvarandre til å gå viktige skritt i riktig retning.

Det er i Lukasevangeliet me og finn forteljinga om den rike bonden. Som alt har gått godt for. Som ynskjer å ekspandera. Riva ned og byggja større. Han legg planar for mange år framover. Men han gløymer det basale: At livet berre kan mottakast som ei gåve.

Livet kan ikkje kjøpast. Sjå på fuglane under himmelen og blomane på marka, seier Jesus: Slik dei tek imot livet, skal de ta imot livet og takka Gud Skaparen.

For det er ikkje det du eig som gjev deg livet om du eig aldri så mykje.

 

Og så høyrer me – heldigvis – om ein annan rik mann , han er til og med navngitt. Sakkeus. Den svært rike overtollaren i Jeriko. Men rikdommen var bygt på urett og utbytting.

Her skjer det umulige. Som byrjar med at Jesus bed seg heim til han og et saman med han. Denne grensesprengjande adferden fortset Sakkeus med når han raust byrjar laga seg ei oversikt over kven han har teke for mykje frå. Dei får det att firdobbelt. Halvparten av eigedomen gjekk så til dei fattige.

Guds rike har kome nær. Guds rike med kreftene frå den krossfeste og oppstadne som set menneske fri frå ein egoisme som berre ser seg sjølv og aldri kan få nok.

Eg ser for meg Sakkeus der han deler ut.

Ein gledens dag. Han var fri – fri til å dela.

 

I kapittel 10 hjå Lukas møter me ein annan som ligg med verkjande sår.

Han hadde blitt offer for blind vald og låg der halvdød. Me høyrer om folk, respektable og heilt sikkert vel bevandra i skrifta, som nok såg han, men dei hastar vidare.

Men igjen skjer det umulige.

Som heldigvis skjer kvar dag og heile tida, over alt:

Det finst dei som stansar som går nærare som bøyer seg ned som vaskar sår som bind om som lyfter opp som transporterer som syt for husrom som syt for økonomisk bistand og som til og med langsiktig forpliktar seg for denne framande.

 

Det er jo dette som gjer oss til menneske: at me har evna til å engasjera oss, gløyma oss sjølv for ei stund og vera hjå den andre.

I teksten som Solveig leste frå 1.Johannes brev er dette kalla å gje livet sitt for andre.

Den rike mannen manglar noko midt i alt han har. Menneskelighet og glede.

En tyv har tatt det beste fra meg og båret det langt bort Jeg vet ikke hva det er men at det er det beste vet jeg fordi mine fylte hender ikke gir meg glede Eg trur det finst ein lengt hjå alle menneske, både fattige og rike.

Ein lengt som er djupt i oss – sjølv om me kanskje ikkje er den bevisst

Det er lengten etter at me kam sitja ved det same bord Der ingen har for mykje – og ingen for lite Lengten er fred og rettferd Lengten etter at denne avgrunnen som ofte er mellom oss menneske

At det måtte skje Det umulige At me kom oss over den. At me møttest. At sår vart stelt. At pengar og eigedom vart delt.

Ein lengt etter å vera venn med jorda, skogane, havet, dyra, fuglane og fiskane. Ein lengt etter å vera i pakt med moder jod og ikkje i kamp mot henne

Å forvalta Ikkje å plyndra og utbytta Kor vanskeleg det er for dei som eig mykje å koma inn i Guds rike, sa Jesus ein gong

Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike.

Kven kan då verta frelst? vart han spurd.

Er det håp for oss rike? Høyr korleis Jesus svarar:

For menneske er det umogeleg, men ikkje for Gud Alt er mogeleg for Gud.

Det er håp for oss rike. Gud elskar også oss.

Og han har eit brennande ynskje: At me skal sjå den som lid naud og at det skal føra oss til handling.

Me treng alle Gudsrikets krefter for å koma over avgrunnen Ikkje miss motet når du synes det går smått Hent styrke frå fellesskapet sjølv om me tek små skrtt, så vil me ta dei i rett retning

I retning mot våre medmenneske I retning Lasarus.

 

Bøn:

Kyrie eleison Herre, miskunna deg over oss som må reknast til dei rike

Lat os vera mellom som stansar og som ser som går nærare som bøyer seg ned som steller sår og bind om som lyfter opp at me ber oss åt som menneske

Me bed om at det umulige må skje at avgrunnen mellom fattig og rik vert overstige at kamelen går gjennom nålauga at det kan skje

Me takkar for at det skjer heile tida Over alt Me takkar for din grenselausse nåde og kjærleik mot oss og bed om sjølv å få vera ein del av denne bevegelsen

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var og er og vera skal ein sann Gud frå æve og til æve.