Hopp til innhold

Gudsfrykt

Me har lett for å lesa eigne erfaringar inn mellom linjene i Bibelen. Har eg hatt ein streng far, ein som aldri sa til meg at eg var flink eller god nok, så er det snart å tenkja at akkurat slik er Gud og, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå 5. Mos. 10, 17 - 21.

Feil folk fryktar Gud. Nå er ikkje guds-frykt det me snakkar mest om i våre dagar. Men det finst ennå ein respekt rundt den Allmektige. I erkjenninga av kor stor Gud er, og kor liten og skjør eg sjølv er i samanlikning, er det ikkje langt til det dei kalla gudsfrykt.

Det står ein heil del om dei skremmande sidene ved Gud i Bibelen. Men det spørst om ikkje mange av oss har ei anna oppfatning av kva som er nifst ved Gud, enn det Bibelen seier.

Me har lett for å lesa eigne erfaringar inn mellom linjene i Bibelen. Har eg hatt ein streng far, ein som aldri sa til meg at eg var flink eller god nok, så er det snart å tenkja at akkurat slik er Gud og.

Feil folk fryktar Gud. For det nifse med Gud er ikkje at han er som ein hard og krevjande farsfigur. Nei, det som burde få det til å skjelva i buksekne og gå kaldt nedover nokre ryggar, det er at han ikkje gjer forskjell på folk, det går ikkje an å bestikka han, han elskar innflyttarar og hjelper enkjer og farlause til sin rett (5 Mos 10, 17-18).

Er det noko å vera redd for, då? Innflyttarar, enkjer og farlause, dei som ikkje har råd til å bestikka, dei treng ikkje å vera redde. Verre er det for dei som har fått for vane å få det som dei vil ved å vifta med dei rette kredittkorta, ta nokon telefonar, senda ei diskret gåve, flytta ein aksjepost eller ta ein liten prat på styrerommet. Dei som er resultatorienterte, og veit at det er resultatet for seg og sine som er den einaste målestokken som verkeleg gjeld. Bondefangarar og utpressarar og halvsvindlarar og andre egoistar - dei har gjort seg sjølve til fiendar av han som er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar.

Å leva i gudsfrykt, har ikkje mykje å gjera med kroppsvæsker i mageregionen, eller ekle draumar. Men vil eg visa respekt for den Gud som fortener det, då er eg mot innvandrarar, enkjer og farlause slik Gud er.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Odd Nordstoga framføre kvekersangen ”Du Far og Herre, du som rår”.

Høyr andakten 5/9.

Skog