Teksten er henta frå Ef. 6, 10-18.
Det er noko underleg gamaldags ved rustningar. Vi har sett dei når vi har besøkt middelalderborger. Dei står langs tjukke murvegger, den eine tyngre og meir uhamseleg enn den andre. Svære hjelmar med berre ei lita glipe til å sjå gjennom, brynjer og belte, panser og plate; digre skjold og tunge sverd. Jamen må dei ha vore sterke, dei som skulle gå til kamp i ein slik mundur.
"Ta på dykk heile Guds rustning", les vi i Efesarbrevet, og kan henda er det nokon som sukkar litt ved den oppfordringa. Er det rustning vi treng, skal vi ikkje heller finna noko meir ope og imøtekomande å kle på oss?
Men teksten fortel at vi er i kamp. Ikkje mot kjøt eller blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i mørket, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. Det er veldige krefter som er på jakt etter oss, etter å bryta oss ned, knekkja trua vår og driva oss bort frå Gud. Difor treng vi vern, difor treng vi våpen.
Biletet er gamalt; men kampen er reell, kampen mellom det vonde og det gode, kampen mellom den vonde og den eine verkeleg gode, kampen om sjelene. Fiendane er mangfaldige og snedige, og dei operer i mørke. Kven kan stå seg mot slik motstand?
Vi treng vern så vi kan stå fast når åtaka rammar oss. Vi treng fottøy så vi kan flytta oss, vi treng våpen så vi kan kjempa. Men det er ikkje blankt stål som gjeld. Det vi treng, er sanning og rettferd, det er fredens evangelium, og det er trua og frelsa. Så skal vi gripa Andens sverd, som er Guds ord. Sanneleg ei utrusting som fortener eit inngåande studium.
Kamparenaen er bønestaden: "Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden", skriv Paulus til efesarane. Og krafta til å bera rustningen og svinga sverdet, får vi i Herren, i hans veldige kraft som gjer sterk!
Då Paulus skreiv brevet til kyrkjelyden i Efesus, sat han i fengsel. Men den kampen Paulus tala om, kunne han like fullt delta i. Det er ein kamp som ikkje kjenner grenser korkje i tida eller geografien. Det er ein kamp for alle som vil bli verande i trua.
Vi les frå den nye bibelomsetjinga, Efesarbrevet kap. 6:
"Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande.
Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage."
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Oslo Domkor syngje "Ingen vinner frem til den evige ro".