NRK Meny
Normal

Gud velsigne bare deg!

Vend deg mot Gud, slik at han får sjå deg og nå deg. Sjå deg slik du er no og nå deg med det som du treng no, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Åp. 22, 1-7.

God morgon – velsigna, god morgon!

”Gud velsigne bare deg”, seier Karl Andreas, min ven. Han er 18 år og har Downs syndrom. Karl Andreas er glad i gudstenesta søndag morgon, han er vand med den frå han var barn. Karl Andreas er særleg glad i liturgien, det som gir gudstenesta liv og form.

Difor var konfirmasjonstida ei stor tid for Karl Andreas, ei tid til å leve seg inn i gudstenesta ledd for ledd. Kvar gudsteneste, og kvar radioandakt blir avslutta med velsigninga: Gud velsigne deg og bevare deg. Karl Andreas har laga si eigen forkorta versjon. Slik kom den ein dag som det beste han kunne sei til mamma: Gud velsigne bare deg!

Gud velsigne berre deg! Velsigninga i fortetta form, ei kanalisering av Guds kjærleik heilt fram til adressaten.

Eg er prest. Eg har alltid kjent det same som Karl Andreas, at dette er eit høgdepunkt i gudstenesta, eg kjenner det kvar gong eg held morgonandakt i NRK:

Ta imot velsigninga!

Vend deg mot Gud, slik at Han får sjå deg. Sjå deg og nå deg. Sjå deg slik du er no og nå deg med det som du treng no, hans urikkelege gode nærver, midt i di jordiske verkelegheit.

Herren velsigne deg og bevare deg! Herren late sitt andlet lysa over deg! Herren lyfte sitt åsyn på deg og gi deg fred!

Velsigna, kledd i Guds godheit, kan du gå inn i kva det skal vere - mørkt eller lyst.

Dagens tekstord er henta frå den siste boka i Bibelen, Johannes Openbaring og frå den siste visjonen som Johannes får på øya Patmos, kap. 22. Det er visjonen av alle tings mål, eller betre, av Guds mål i alle ting. Johannes får sjå at ein dag skal ikkje lenger Velsigninga tilseiast, ein dag skal den vere tilstanden alle skal leve i.

Johannes får sjå livsens elv som renn ut frå kongsstolen til Gud og lammet og livsens tre som ber frukt kvar månad og har lauv som er til lækjedom for menneska.

”Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongstolen til Gud og lammet skal vere i byen, og tenarane hans skal tena han. Dei skal få sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vere på panna deira. Natt skal ikkje vere meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller sol, for Herren Gud skal lysa over dei.”

Det er ikkje slik no. Det minkar på vatn på kloden, og vatnet er ikkje rettferdig fordelt. Mange menneske får ikkje nyte fruktene av arbeidet sitt, og mange sjuke får ikkje dei medisinane som kunne gjere dei friske.

Men vi trur at Gud er sterkare enn sin motstander. At velsigninga er ei kraft som går djupare enn all forbanning. Vi trur at velsigninga er tilgjengeleg no. Så vi kan leve det livet vi fekk, oppreiste. Under Guds gode augo. Eg seier med Karl Andreas:

Gud velsigne bare deg!

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Hilde Svela, syngje ”Velsignelse ved reisestart”.

Andakt mandag 6/11.