NRK Meny
Normal

Gud brydde seg

Guds føremål med å presentera Kristus for oss, var å inkludera oss. Gud gav han bort til døden for at alt som skilde oss frå Gud skulle ryddast av vegen, seiere Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Bibelteksten er henta frå Kolossarbrevet 1, 15-20

I dag er det ein månad sidan julaftan, og elleve månader til neste gong. Jula, høgtida til minne om at Gud vart synleg! Tida etter jul og framover mot faste og påske, ber namnet openberringstida i kyrkjeåret. Gud har openberra seg, han har vist seg for menneska, han er blitt synleg.

I den gamle pakta, den som er omhandla i Det gamle testamentet, var det ikkje mogleg å sjå Gud, det var ikkje tilrådeleg heller. Den som såg Gud, måtte døy. Så stor og heilag og rein var han. Men julenatt vart han synleg i eit spebarns kropp og ansikt.

Og to undrande foreldre, nokre hyrdar, og nokre vise menn frå austerland, to gamle menneske i templet i Jerusalem, naboane i Nasaret, fiskarane på stranda ved Genesaret, prestar og rådsherrar, og born og vaksne på marknadsplassen, dei fekk sjå Gud som eit pludrande og leikande barn, og etterkvart ein tenksam ungdom og vaksen mann.

Den evige og usynlege vert sansbar og tidsnær. Bibelteksten for denne dagen, henta frå Paulus sitt brev til Kolossarane, gjer eit stort poeng av å framheva at den evige Gud, han som var før alt tok til, er den same som Kristus, eller julas Jesus:

Han er biletet av den usynlege Gud, den førstefødde før alt det skapte. For i han vart alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, troner og herredøme, makter og åndskrefter – ved han og til han er alt skapt.

Han er før alt, og i han blir alt halde saman. Han er hovudet for kroppen, som er kyrkja. Han er opphavet, den førstefødde av dei døde, så han i eitt og alt skal vera den fremste.

Orda om han som er før alt det skapte, sprengjer våre førestillingar om tid. Jesus som var barnet i krybba, er den same som alt vart skapt ved, han som var eit barn i tida, var før alt, og i han blir alt halde saman.

Men tekstavsnittet fører fram til ein konklusjon som ikkje på noko vis har til føremål å setja oss på sidelinja framfor Guds store skapingsunder og hans grensesprengjande eksistens. Nei, tvert om: Guds føremål med å presentera Kristus for oss, var å inkludera oss. Og han ikkje berre viste han fram, men han gav han bort til døden for at alt som held oss borte frå Gud skulle ryddast av vegen. Slik seier Paulus det:

For i han ville Gud la heile sin fylde bu, og ved han ville Gud forsona alt med seg, det som er i himmelen, og det som er på jorda, då han skapte fred ved hans blod på krossen.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Reflex med solist Anli Meborg i salmen ”En krybbe var vuggen”.

Høyr andakten 24. januar 2008