Gode gåver

Gud er eit forbilde for oss når det gjeld å gi! Vi kan også gi kvarandre gode gåver: medkjensle, tid, omtanke, forbøn, samvær, materielle ting og pengar, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

11. november er mortensmesse, og alle som heiter Martin, Morten og Martine har namnedag. Mortensmess er den siste festdagen på primstaven før jul, her til lands åt ein svinekjøt viss ein hadde det, for å markera dagen, på kontinentet et dei mortensgås.

Mortensmesse er minnedagen til Martin av Tours som levde på 300-talet. Han er Frankrikes nasjonalhelgen og dessutan skytshelgen for ei rekkje geografiske stader og for mange yrke og sosiale grupper, mellom andre for dei reisande, for fattige og for tiggarar.

Segna fortel at Martin allereie som barn ville vera ein kristen, men foreldra sette seg imot det, og faren avgjorde at han skulle gjera militær karriere. Som 18-årig soldat toga han i lag med kameratane inn gjennom byporten i Amiens der det stod ein nesten naken tiggar og skalv av kulde medan han bad forbipasserande om almisse. Men ingen gav han noko. Heller ikkje Martin hadde pengar på seg, men han tok kappa av seg, delte henne i to med sverdet sitt og sveipte henne omkring armingen i porten.

Kameratane lo av han, men den natta drøymde han at han såg Kristus kledd i ei halv kappe. Kristus sa til englane som stod rundt han: - Denne kappa har eg fått av Martin, som framleis ikkje er døypt. Hendinga førte til at Martin let seg døypa. Han vart ein sentral person i den tids kyrkjestrid og valt til biskop endå segna seier at han helst ville levd eit liv i einsam gudsdyrking.

Dagens bibeltekst fortel også om ein tiggar ved ein port. Jesu læresveinar, Peter og Johannes, var på veg til templet for å be. ”Då kom det nokre berande på ein mann som hadde vore lam heilt frå mors liv. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som heiter Den fagre, så han kunne tigga om gåver frå dei som gjekk inn på tempelplassen.

Då han fekk auge på Peter og Johannes som var på veg inn, bad han dei òg om ei gåve. Då såg dei fast på han, og Peter sa: ”Sjå på oss!” Han så gjorde, for han venta å få noko av dei. Men Peter sa: ”Sølv og gull eig eg ikkje, men det eg har, det gjev eg deg. I namnet til Jesus Kristus, nasarearen: Stå opp og gå!” Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og oklene. Han sprang opp, stod på føtene og tok til å gå omkring.

Så følgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han, og snart sprang han, alt medan han song og lova Gud. Alt folket såg korleis han gjekk omkring og lovprisa Gud. Og dei kjende han att: Det var han som brukte å sitja ved Fagerporten og tigga om gåver. Dei vart ute av seg og fylte av ærefrykt over det som hadde hendt med han.”

Gud er alle gode gåvers givar; den største gåva gav han oss i Jesus Kristus, sonen sin. Gud er eit forbilde for oss når det gjeld å gi! Vi kan også gi kvarandre gode gåver: medkjensle, tid, omtanke, forbøn, merksemd, samvær, materielle ting og pengar. Og når vi gir i Jesu namn, legg Gud si signing til.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Nordstrand Kirkekor syngje ”Å, hvilke store gaver”, med Mona Julsrud som solist.

Andakt 11.11.08 ved Vigdis B. Øystese