Hugsar de Kain og Abel? Historia om Adam og Evas søner har til alle tider forundra og provosert dei som har høyrt henne. Det er noko uforståeleg og sårt over forteljinga, som gjer at vi høyrer den på nytt og lurer på kva den vil seie oss:
1 Mos 4, 1-10.
Det er mest så eg synes det er urettferdig!
Kvifor var ikkje Gud fornøgd med Kain? Han levde jo i sine kår. Han dyrka jorda si og tok av det han hadde, og likevel var det ikkje godt nok for Gud.
Det er mest så eg har forståing for sinnet hans, og for tungsinnet som råka han då han skjønte at det han bar fram for Gud ikkje var godt nok.
Kva er godt nok for Gud? Det er eit ganske avslørande spørsmål å stille. Og kanskje vil det kjennes farleg også å stille det..
Er det verkeleg slik at Gud ser med velvilje på noko, medan noko anna vil han ikkje anse? Det er slik det står om ofra som Abel og Kain bar fram.
Å ofre – i betydningen gje av seg sjølv; å gje noko som det smertar å gje, men som ein likevel ynskjer å gje vidare – det gjorde Abel då han gav av dei fyrstefødde lamma i saueflokken.
Abel gav vidare det som han hadde eit nært forhold til; det han var glad i; det han hadde kjær.
Og Kain – han gav vidare det han hadde i overflod av. Grøda på marka. Det han var stolt av og hadde dyrka fram sjølv, men som likevel ikkje hadde kosta han så mykje å gje frå seg.
Det var skilnaden på dei to brørne. Difor såg Gud med velvilje på Abels offer, men ansa ikkje Kain og gåva hans. Kva er godt nok for Gud?
Du er god nok for Gud!
Forteljinga om Kain og Abel viser oss ei side ved Gud som den steile. Den som krev. Den som veit kva han vil ha.
Men Gud har gjeve oss eit offer som gjeld for alle menneske. Jesus døydde på korset og sigra over døden. Gud gav det kjæraste han hadde for oss menneske – sin eigen son.
Det er forteljinga om Gud som den som elskar oss som ei mor elskar borna sine. Som gjev oss vinger å søke ly under. Som seier at vi er gode nok slik vi er. Og som ber oss kome med det vi har og det vi ber på.
Kva er godt nok for Gud? Det er godt nok for Gud at vi kjem med oss sjølv. Det krev av oss ei ransaking – ei erkjenning av kven vi er og kva vi ber med oss.
Gud ser med velvilje på deg. Du er god nok for Han!
Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.
Vi hører Sigvart Dagsland synge sin egen "Djube spor".