Lite har han forstått av kristendommen, kan vi seie. Men kan vi vedgå at han treff den frelsesegoismen som og kan finnast mellom dei truande? Det er godt å øve seg i å bryte med egoismen, også i varianten frelsesegoisme. Ta med deg verda når du søkjer Gud i bøn. Ta med deg dei som ikkje trur og tal gjerne deira sak. Øv deg i å sørge og lengte og be på vegne av heile menneskeslekta du tilhøyrer.
Adventstida er ei god tid for åndelege øvingar, for å vide ut sinnet og sprenge ego-grensene. I dag vidar vi oss i Jesu namn ut mot Gleda som er på veg. I dag tek vi bustad på jorda slik den er, i menneskeverda slik den er. I dag gjer eg meg til eitt med den falne menneskeslekta, saman med dei som eg likar og dei som eg mislikar. Frå denne staden, som verkeleg er min, opnar eg meg for Gleda i teksten frå Jesaja 52:
Kor fagert det er
når han som ber gledebod
kjem springande over fjell
og ber god bodskap,
forkynner frelse
og seier til Sion:
”Din Gud er konge:”
Han øver seg på utviding av sinnet, songaren og. Hjartet renn over av glede over at Herren vil trøysta folket sitt og leie det ut av fangenskapet i Babylon til Jerusalems tempel. Og gleda veks medan hjartet vidar seg ut. Han smaker og kjenner at bodskapen om frelse ikkje er for nokre få. Nei,
Herren syner sin heilage arm
for augo på alle folkeslag.
Heile den vide jorda får sjå
frelsa frå vår Gud.
Ja, gode Far, det er godt å trø ut av mitt eige vesle hus og finne min heim mellom alt levande som lengtar og ventar og ber om ei stor forandring. Eg, Geir Gundersen, frydar meg over å vere bodberar for ei glede som – slik juleevangeliet seier – skal timast alt folket.
Og sidan eg har vore dårleg til beins sidan barneåra frydar eg meg ekstra over å få likne på han som kjem springande over fjellet – hoppande glad!
Geir Gundersen