Hopp til innhold

Gjorde som engelen sa

Josef – han er vernehelgen for dei heimlause og for alle hospits, for dei som treng vern, nokon å søkje tilflukt hjå, seier Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen.
Foto: Helge helgheim / NRK

Teksten er henta frå Matt. 1, 18-25.

Josef, en fin mann. - Gledeleg jul!

På skjenken i stova har vi ei fin julekrybbe. Den er til og med kjøpt i Betlehem. Vi er så glad i den krybba. Kvart år er det fint å ta henne fram; pakke figurane ut av krøllete avispapir med arabiske skriftteikn; sette dei på rett plass.

Men då vi pakka krybba ut fyrste gong, kunne vi ikkje finne Josef. Det var kongar der. Dyr. Gjetarar. Men ingen Josef! Han var liksom ikkje rekna med.

Så vi tok ein av gjetarane og sette han saman med Maria og barnet inne i stallen. No står han der, vår Josef; stor og varm og trygg med staven i handa. Han vernar om det vesle barnet. Og ikkje minst vernar han om Maria; ho som er sårbar, skaka og uendeleg glad. Glad for alt som har hendt henne. Glad for Josef.

Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han setje seg føre å skilja seg frå henne i det stille.

Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: ”Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria til heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.”

Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel – det tyder: Gud med oss.

Då Josef vakna frå søvnen gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si. Men han levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd ein son og han gav han namnet Jesus.

Josef – Jesu omsorgsperson på jorda – han er vernehelgen for dei heimlause og for alle hospits; for dei som treng vern; nokon å søkje tilflukt hjå. Slik Josef var modig og tok i mot Maria og barnet ho bar, slik kan vi også vere modige og ta imot dei som er sårbare; skaka, sett til side.

Etter reglane i samfunnet kunne nok Josef godt ha sagt frå seg ansvaret for Maria. Han ville hatt forståing og retten på si side dersom han hadde gjort det. Men Josef var lydhør for Guds vilje og Guds plan. Han gjorde slik engelen hadde bode han. Josef var ein fin mann! Vi kan lære mykje av han.

Vi høyrer ikkje meir om Josef etter at Jesus blir vaksen og tek til med vandringa si. Men det er fint å tenkje på kva han må ha betydd for den unge Jesus. Kva han lærte frå seg. Kva han formidla. Alt han fekk tilbake.

Skriv e-post til Ragnhild Jepsen.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Siri Leirvik og gruppa Vadested syngje ”Han er her”.

Høyr andakten 29/12.

Skog