Hopp til innhold

Gjestmilde hjarte

Eg ber om ei stødig ånd inni meg, ei visleg årvaken ånd, så eg kan invitere alle inn som du sender i min veg utan å vere redd for å misse meg sjølv, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er hanta frå 1. Peters brev, kap. 4, versa 7-11.

DET GJESTMILDE HJARTET

God morgon!

Du har kanskje høyrt denne vendinga: Bli som Gud, bli eit menneske.

I dag snur eg den rundt Bli eit menneske. Bli som Gud.

Høyrest det vågalt ut. På grensa til det blasfemiske? Det er en gamal, kristen tanke , med røter i Jesu ord i Bergpreika til dei som følgde han : ”Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen”. Fullkomne eller heilhjarta, som det greske ordet i grunnteksten kan omsettast med.

Med andre ord: Det finst ingenting som er så inspirerande for ein Jesu etterfølgjar, så stimulerande for den kristne levemåten, som det å sette seg i Guds stad, å øve seg i å sjå på verda og menneska i verda med Guds auge.

Kva ser du då?

Du ser ingen som er verd å forakte, berre menneske som Gud elskar.

Ha denne tanken i sinnet når du no høyrer dagens tekstord frå 1. Petersbrev, kap. 4. ”Enden på alle ting er nær ”, seier brevskrivaren. ” Ver difor vislege og årvakne, så de kan be. Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder. Ver gjestmilde mot kvarandre utan å klaga….Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus.

Ja, Herre det ber eg om, for det treng eg når eg skal øve meg i den kristne levemåten: eit større rom for den inderlege kjærleiken i livet, eit romslegare hjarterom, eit gjestmildt sinn der det blir større og større plass for Den Andre og mindre og mindre for syting og klage på eigne vegne.

Herre, visst kjenner eg Tidsanden. Eg lever no og kjenner trykket frå eit krav om toleranse der det blir stendig mindre rom for djupe overtydingar. Difor ber eg om meir av din Ande, kjærleikens Ande.

Eg ber om at eg får sjå menneska slik du ser dei, som dine kjærleiksbarn – og særleg dei eg kjenner stor avstand til. Eg ber om ei stødig ånd inni meg, ei visleg årvaken ånd, så eg kan invitere alle inn som du sender i min veg utan å vere redd for å misse meg sjølv.

Eg ber om det eg treng for at livet mitt skal vitne om Deg.

Amen.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Torunn Christiansen syngje ”Slik som eg var”.

Skog