Teksten er henta frå 5. Mos. 8,2-3.
Til lukke med ein ny dag. Eg byrja denne veka med å oppmode meg sjølv og andre til å sjå opp og fram. Eg sa: Gå vegen din i tru, ditt livs veg gjennom ukjent landskap. Du skal få den maten du treng til vandringa di. I dag seier eg: Stans og sjå deg tilbake. Sjå på den vegen du har gått, sjå på den i tru. Smak og kjenn ein gong til på den maten du fekk.
Det fins dårlege måtar å sjå tilbake på. I det nostalgiske tilbakeblikket rømer vi frå den ubehagelege notida. Det er risikabelt å gjere fortida til gullalder. Slik legg vi notida død.
Eller vi kan la oss stendig på nytt fange i dei vonde minnene. Om eigne feilsteg, eller aller helst om kor såra vi vart av andre sine feilsteg. Men det gode tilbakeblikket er den rette medisinen mot dei dårlege. Høyr korleis Moses gir folket sitt mot til å gå vidare gjennom å stanse og sjå tilbake:
Kom i hug korleis Herren din Gud førte deg heile vegen desse førti åra i øydemarka, fordi han ville audmykja deg og prøve deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje. Han audmykte deg og let deg svelta. Så gav han deg manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Han ville syna deg at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn.
Det har ein forbløffande verknad dette, å sjå seg tilbake i tru. Kvar gong eg ser på fortida med i tru i blikket, endrar den seg. Det skjer bokstaveleg tala eit under framfor mine auge. Desse fakta frå fortida, dei eg trudde var så faste og urokkande, dei byrjar å røre på seg, det blir avstand mellom dei. I desse mellomromma finn eg stadig fleire spor av Han som også var der, min Far i himmelen.
Eg ser tilbake. Geir Gundersen ser tilbake på sine snart 55 år. Fordi utsiktspunktet stendig er nytt, oppdagar eg stendig nye trekk i landskapet. Barndommen opnar seg på nytt. Korsvegane i ung og vaksen alder kjem tydelegare fram og får ny meining. Eg går gjennom erfaringane mine på nytt, og får ei ny erfaring. Det er det ordet erfare betyr: å bli kjent i terrenget gjennom å gå på kryss og tvers i det. Så tåpeleg det var å tru at eg kjente fortida mi, at det ikkje var meir å hente der.
Eg ser tilbake i tru – og lik Moses stansar eg særleg ved vandringa gjennom øydemarka, tider som var tunge og harde. Kva eg oppdagar? At Han førte meg heile vegen mot målet eg ikkje kjende. At Han gjorde maksimalt ut av mine Ja og var overberande med mine Nei, at han gav meg akkurat den maten eg trengde når eg var så trøytt at eg ikkje kunne gå eitt steg lenger.
Eg ser tilbake. Eg smakar og kjenner at Gud er god.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.