Teksten er henta frå Matt. 9, 7-14.
God morgon!
"Stå ikkje der og skrik på eit berg," seier Olav H. Hauge i eit dikt.
"Visst er det sant det du segjer, sant
so det skrell
i blekkspann og fant.
Gå inn i berget,
bygg smidja di der,
mur avlen din der,
glød jarnet dit der,
syng med du slær
Me høyrer deg,
høyrer deg,
veit kvar me har deg."
Er det difor vi hugsar Bergpreika og ærar Bergpredikanten Jesus? Fordi han gjekk inn i berget og levde talen ut, ord for ord, i den kampen som var livet hans?
Lat oss høyre ord frå berget:
" Be, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. For kvar den som ber, han får, og den som leitar, han finn – og den som bankar på, for han vert det opplate."
Jesus held inga andakt om bøn. Og slett ikkje eit foredrag om den åndelege lengten i vår tid. Berre tre verb, tre gjerningsord. Be! Leit! Bank på!
Tre gjerningar frå Bergpredikantens liv og ein invitasjon til å følgje etter, bli med, gå inn i det mysterium som berre kan opne seg for den som ber, som leitar, som bankar på.
" Noen kristne – skriv Egil A. Wyller i boka Tidevervstanker, "Noen kristne spurte en gang Gandhi om hva det vel kom av at verden lyttet til ham, men til kristenhetens nær beslektede Bergpreken vendte den det døve øret.
Gandhi svarte: "En blomsts tiltrekningskraft ligger i dens duft. Dere må dufte Bergprekenen, mine herrer."
Kunne det vere noko å trakte etter? Å bli eit menneske som lukta godt, som det var godt for andre å vere nær? Vegen dit er svært enkel og difor svært krevande. Tre gjerningsord. Be. Leit. Bank på.
Lat sjøltilstrekkeligheita fare. Begynn nå. Dag for dag vil du bli det du gjer: eit bedande og søkande menneske som det er godt å være nær.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.