Teksten er henta frå Amos 8,11-12.
Eg sit med ein nesten tre tusen år gamal tekst i hendene. Tek vi den på alvor, er det godt nytt for somme og dårleg nytt for andre. Det er godt nytt for alle som er offer for urett og dårleg nytt for alle som gjer urett. I ei verd der uretten faktisk hopar seg opp – kan vi kanskje seie at dette til saman er godt nytt? Om vi altså tar den gamle teksten alvorleg: ord av profeten Amos, ein gjetar frå byen Tekoa, ein jordnær mann med ein jordnær og gåtefull bodskap frå Gud.
"Sjå dagar skal koma, lyder ordet frå Herren Gud, så eg sender hunger i landet, ikkje hunger etter brød eller tørst etter vatn, men etter å høyre Herrens ord. Dei skal flakka om frå hav til hav, sviva ikring frå nord til aust og leita etter Herrens ord, men dei skal ikkje finna det".
Kva er desse orda eit svar på, og kven er dei som skal hungre, men ikkje mettast? Dei, det er dei sjølvsikre syndarane som seier: Ulukka når oss ikkje, ho kjem aldri over oss. Dei, det er ugjerningsmennene, dei som i følgje Amos trakkar fattigfolk ned og gjer ende på dei hjelpelause i landet, dei som fuskar med falske vekter, kjøper småkårsfolk for pengar, ein fattig stakkar for eit par sko. Deira tid skal ta slutt.
Høyr det, alle offer for uretten gjennom alle tider: Urettens regime er ikkje evig. Du har ein Gud som høyrer ropet frå dei uskuldige sitt blod og som tek deira sak på seg. "Aldri skal eg gløyma alt det dei har gjort", seier han. Sjå dagar skal kome, då dei mette og sikre ikkje lenger skal ha nokon nytte av det dei har rana til seg, men gå inn i ein djup hunger og tørst etter Gud som ikkje skal stillast.
Gode Gud, kva skal vi gjere med slike ord?
Vi skal høyre dei og ta imot dei. Som mat vi treng for vår sjel og vår livskamp no. For alle som ligg nede fordi dei er trakka ned, er det ord til djup trøyst. Fatt mot, reis deg, du treng ikkje vere offer resten av livet ditt. Gud har noko langt betre i vente for deg.
For alle oss andre er det ord til djup ettertanke: Vend om! Vend deg mot Han som vaker over retten og be om hjelp til å forandre deg.
Og: Sidan fronten mellom godt og vondt går tvers igjennom oss, er det godt nytt her for alle. Amos sin Gud, han har heile verda og alle menneske i sine hender. Dei som søker han, skal finne han. Dei hungrige skal han mette. Og dei som tørster etter han skal finne kjelda med levande vatn.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.