Teksten er henta frå Rom. 2, 1-14.
God morgon!
Det blir fortalt om ein prest som hadde den vanen at han alltid talte så mildt under gravferder og alltid lukka den døde inne i Guds kjærleik og omsorg.
Nokre i kyrkjelyden syntes presten var vel mild og gjekk til han for å seie si meining. "Er det ikkje slik", sa dei til presten, "at livet ifølgje Skrifta kan ha to utgangar, men du sender alle til himmelen. Er det bibelsk?" Presten svara –med eit smil: "Eg sender alle til Gud; for han er den einaste som veit kva han skal gjere med dei!".
Når vi menneske ser oss sjøl i lyset frå Guds kjærleik, er det ei sak som alltid blir skræmande klar: vår ukristelige tendens til å felle domar over andre. Om den saka er også Paulus skræmande klar i Romarbrevet kap. 2:
"Difor har du ikkje noko å orsaka deg med, du menneske som dømer, kven du så er. For når du dømer ein annen, fordømer du deg sjølv. Du som dømer, gjer så det same. Og vi veit at Guds dom med full rett råkar dei som fer med slikt."
Å døme andre, seier Paulus, er å vanvørde Guds "grenselause, tolmod og langmod". Men no er det og slik at vi i menneskesamfunnet er samde om at dømmesjuke og småligheit er ekle saker – og difor er det skummelt enklare å sjå dette hos andre enn hos seg sjøl. Det er også ei merkeleg sak å forveksle dømmesjuke med det å stå for markante verdiar og haldningar.
- Eg arbeidar i blå Kors som er ein del av avholdsrørsla i Norge. Kor ofte får ikkje avholdsfolk høyre at dei er moralistiske og dømmesjuke? Eg undrar meg også over den liberale fariseismen overfor dei so kalla "konservative kristne" som pr. definisjon er dømmesjuke.
- Men visst forstår vi at småligheit og dømmesjuke trivest i alle slags klede og ynglar bak alle slags fasadar og skjer tvers igjennom alle våre gruppedefinisjonar. Det er difor vi må gi Paulus rett: det går føre seg ein kamp på liv og død i mitt eige hjarte.
Mor Theresa har skreve ei vedunderleg bøn for alle dommarar. Lat oss be den – for oss sjøl.
Herre, hør min bønn for dommerne. De skal lytte til så mange historier, gi dem ører til å høre hva som er ærlig og sant. De skal forvalte rettferdigheten som kong Salomo, gi dem visdom i sinn og tanker.
De skal fordømme ondskap og urettferdighet, gi dem barmhjertighet og mot. De skal ta år frå dem som har forbrutt seg, gi dem håp for dem de dømmer. Og du Herre Jesus Kristus, som er og skal være den store Dommer i all evighet, tilgi oss alle synder på den Store Dag og før oss trygt til din Fars hus. Amen.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Bodø Domkor syngje "Døm ikkje".