NRK Meny
Normal

Gått meg vill

Eg har gått meg vill som ein bortkomen sau. Slik lyder trusspråket. Å tale i tru er å tale sant om situasjonen her og no – vendt mot Gud, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Salme 119, 169-176.

God morgon!

Kva vil det seie å vere truande? Modeller, førebilete på eit truande menneske, korleis er dei? Er det eit menneske utan tvil, som har nådd fram til bergstød visse i ei rørleg, uviss verd?

Den som les seg gjennom Salme 119, den lengste og frommaste songen i Davids salmebok, og held ut til dei siste 8 versa, må kome til eit heilt anna forståing av from tru. Desse åtte versa er dagens ord og dei lyder slik:

”Frå mine lipper skal lovsongen strøyma, for du lærer meg dine føreskrifter. Eg skal syngja om dine ord, for alle dine bod er rettferdige.

Kom meg til hjelp med di hand! For eg har valt dine føresegner. Eg lengtar etter di frelse, Herre, di lov er mi lyst. Lat meg leva, så skal eg prisa deg, lat meg få hjelp av dine domar!”

Og høyr no det siste verset i Salme 119, vers 176:

”Eg har gått meg vill som ein bortkomen sau. Leita etter meg, din tenar, for eg har ikkje gløymt dine bod.”

Eg har gått meg vill som ein bortkomen sau. Slik lyder trusspråket. Å tale i tru er å tale sant om situasjonen her og no – vendt mot Gud.

Hugsar du Jesu fortelling om den bortkomne sonen? Han som øydde farsarven og kom til seg sjølv i grisebingen. For han innebar det å sette kursen heimover, mot den Far han hadde vendt seg frå.

Men vår songar, når han kjem til seg sjølv, er den enkle sanninga: Eg har gått meg vill. Eg kjenner ikkje vegen heim. Men eg har ikkje gløymt deg Far, eg kjenner spora av deg i mitt minne, i mi sjel. Eg veit berre ikkje korleis eg skal nå deg.

Så: leita du etter meg.

Her eg er no. I denne stunda på denne staden i livet mitt. Vender eg andletet mitt mot deg, min Far. Eg samlar meg, eg kjem til meg sjølv og tek rundt dei spreidde delene av meg og vender meg mot deg. Eg gir lyd til den djupaste lengten i mitt hjarte. Lengten etter deg, etter di frelse. Ikkje berre for meg, men for menneska der har lært meg å elske og jorda du gitt meg å bu på.

Leita etter meg, Far. Og finn meg.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Sigvart Dagsland syngje salmen ”Så ta da mine hender”.

Høyr andakten 19. desember 2007.