Hopp til innhold

Frirom

– Eg har hatt ei sak på hjartet denne andaktsveka. Eg har same sak på hjartet denne morgonen, seier Geir Gundersen i vekas siste radioandakt i NRK P1.

Langbord dekket til fest
Foto: NRK

Slik er den: Gud elskar deg. Han er ikkje ein kjærleikspartnar som ser på deg med eit vennleg men distansert blikk, oppteke av sitt eige. Hans eige er å vere lidenskapeleg oppteken av deg, nærare deg enn du er deg sjølv. Hans djupaste glede er å høyre deg svare han. Hans hjarte frydar seg når du vågar å stille deg beint fram for han. Og snakke sant om det som rører seg i deg. Eg, denne andaktshaldaren, står inne for denne saka med kropp og sjel og ånd. Den er mi eiga viktigaste menneskelege erfaring.

Alt som har eit sakleg innhald, kan overleverast sakleg, kan takast imot og takast vare på som sak. Det er godt og vel. Gode vitskapsmenn gjev sine saklege funn vidare. Gode foreldre gjev vidare til sine barn det dei held for sant. Men, heiter det i eit kinesisk ordtak, det er betre å sjå ein gong enn å høyre om tusen gonger. Religion betyr samband. Å tru er å ha eit forhold til Gud, ikkje i hovudet, men i livet, ikkje som idé, men som praksis. Eg kan seie: Det er mi erfaring at Gud er ein kommuniserande Gud. Men di erfaring blir til gjennom dine ja og nei i fridom.

Så høyr dagens Jesuord som ein invitasjon du står fritt til å svare på. Jesus er beden i selskap i følgje Lukasevangeliet kap. 14. Han har lagt merke til korleis gjestene valde seg ut dei øvste plassane ved bordet og sagt eit ord til dei. No vender han seg til verten. Når du vil halde gjestebod, seier han – så be ikkje vener, sysken, slektningar eller rike naboar. ”Nei, når du vil halde gjestebod, så be fattige, uføre, lamme, blinde. Då blir du lukkeleg, for dei har ikkje noko å gje deg att.”

Å erfare betyr å reise gjennom ukjend landskap og slik bli kjent med det. Ta Jesus på ordet. Han er Verten som inviterer deg slik du er. Han ville bli lukkeleg om du sa ja til hans selskap. Han ønskjer for deg at du skal bli lukkeleg, bli eit gjestfritt, romsleg menneske både på det ytre og indre plan. At du skal opne livet ditt for andre menneske slik han opnar seg for deg. At du skal opne hjartet ditt for deg sjølv, for din eigen veikskap, dine eigne fattige, uføre og lamme deler. Så du blir det menneske Gud drøymde om då han skapte deg, heilare og sannare og varmare saman med han.

Skog