Teksten er henta frå Joh. 10, 40-42.
Jonsokdagen! Dagen til minne om Johannes, Jesu slektning og forløpar. Han som vandra i ørkenen i ei kamelhårskappe; levde eit asketisk liv og tok i mot menneske til reinsing og dåp i Jordanelva.
Han såg tida si. Han såg at dei trengte Jesus! Men treng vi å minnast Johannes/ treng vi Jonsokdagen?
Frå Johannesevangeliet les vi:
Så fór Jesus attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid. Det kom mange til han, og dei sa: "Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt han sa om denne mannen var sant." Og det var mange der som kom til tru på Jesus.
På dagen eit halvt år før vi feirar Jesu fødsel, er det Johannes sin dag. Johannes førebudde vegen for Jesus. Med livet sitt; med det han sa; med det han gjorde. Han er ein bodberar.
Johannes hadde ei enorm forventning til Jesus. For han skjønte at noko måtte skje.
Tida; menneska; hjartene, - alt var på veg bort frå Gud.
Det Johannes sa om Jesus, er kanskje noko av det viktigaste som er sagt for at vi skal skjøne kven Jesus var.
Johannes vitna om Lyset! Det er fint å hugse - på ein av dei lysaste dagane i året!
Men han provoserte mange og enda livet i eit fangehol i borga til Herodes.
Han som hadde hatt slik ei sterk tru på at Jesus var den som skulle kome, kom sjølv i tvil. Johannes visste at Jesus var ein frigjerar. Sjølv sat han i lenker.
Vi har også forventning og håp om frigjering. Også hjå oss er det lenker som må brytast.
Vi kan oppleve, som Johannes, at det er mykje i vår tid som treng å utfordrast.
Som kyrkje har vi fått det same oppdraget som Johannes: Å vere den som går føre, som seier frå om urettferdighet; som skaper forventning om Jesus.
Vi skal vere tolmodige og utolmodige på same tid. Johannes peika på han som er verdens lys. Vi skal ha forventning om han som bøter; gjer heil; gjenopprettar.
Vi skal også rydde veg, slik Johannes gjorde. Vi kan trenge Jonsokdagen.
* * * *
Vi høyrer Odd Nordstoga og Kirsten Bråten Berg i salmen "Den signede dag som nu vi ser".