Det er advent. Eg tenner to lys, eitt for lengt og eitt for rettferd. Eg let att augo og ser føre meg eit hav av menneske, dei syng:
"Imagine no possesions, I wonder if you can, No need for greed or hunger,
A brotherhood of man, imagine all the people - Sharing all the world..."
I dag, for 25 år sidan, den 8. desember 1980 blei John Lennon skoten. Han gav oss denne songen og vi er mange som framleis vil synge han.
Kanskje høyrde du dei tusentals unge og litt eldre som song denne i songen i sommar – i dette krafttaket for å få slutt på den ekstreme fattigdomen i verda: Make poverty history eller “den kvite band kampanjen". På kyrkjemøtet som nett vart halde i Den norske kyrka oppmoda leiaren at ein støtta dette krafttaket nett no. Den siste kvite band dagen er 10. desember, dagen då verdas utanriksministrar møtes i Verdas handelsorganisasjon for å forhandle om jordbruk og industrivarer.
Kyrkja vår må vere i front i denne kampen, ikkje for kyrkja si skuld, men for menneskas skuld, seier leiaren for kyrkjemøtet, “ for i dei lidande menneska ser vi Guds ansikt."
Den bibelteksten vi er gitt i dag, prisar den sæl som er rett og heil si ferd, og ærleg i tanke og tale, som ikkje tek renter når han låner ut pengar, og ikkje let seg kjøpa til skade for ein skuldfri. Den som lever så, skal aldri rikkast!
Når menneske i alle aldrar søkjer saman i tusental og ropar ut at u-landsgjelda må slettast, at ein må arbeide for meir og betre bistand og rettferdige handelsreglar ,– då førebur ein jul. Vi ber når verdas vondskap aukar, og kløfta mellom dei som har og dei som ikkje har, dei som eig og dei som ikkje ei vert større: Lat ditt rike koma.
Det finst ei bevegelse som vil at dei fattige skal få høyre ein bodskap om glede og at dei som er undertrykte, skal frå fridom. - At eit menneske skal få mogelegheit til erfare seg like mykje verd som eit anna. Den bevegelsen er Jesusbevegelsen. For Jesus seier: Våg å kjempe for lengten din etter fridom. La ingen ta draumen frå deg.
Vil du skrive e-post til Kari Veiteberg, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer "Imagine" med John Lennon.