Hopp til innhold

Folket har synda

Framleis lagar mennesket sine eigne gudar, endå mange moderne gudar er så forkledde at vi kanskje ikkje tenkjer på at dei har makt over tankane og handlingane våre, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Hosea 14, 2-7 - Folket har synda!

Det er ikkje særleg mykje vi veit om Hosea, ein av dei tolv såkalla ”små” profetane i Det gamle testamentet. Han forkynte Guds ord og vilje både gjennom tale, men også gjennom det livet han levde, på svært besynderleg vis.

Profetien hans handlar om at folket er trulaust, men Gud er trufast og kjærleg. Med formaning og streng åtvaring prøver Hosea å få folket til å venda seg frå avgudane og dei verdslege alliansane som har ført dei bort frå Herren Gud. Profeten minner folket om alle Guds velgjerningar mot dei; han har verna og velsigna dei, tilgitt og hjelpt dei.

Likevel vel dei han bort til fordel for upålitelege vener og falske gudsbilete. Difor vil Gud straffa folket, for å få dei til å venda om. Og han vil lækja deira fråfall og på nytt gi dei ei framtid med vekst og skjønnheit.

Hosea ber fram bodskapen frå Gud, og avsnittet har form som ein tenkt samtale mellom Gud og folket:

Vend om, Israel, til Herren din Gud, for synda di har ført deg til fall. Kom med dei rette ord, vend om til Herren og sei: ”Tilgjev all vår skuld, og ta imot vår gode gåve, så gjev vi deg lovsong med våre lipper!

Assur kan ikkje hjelpa oss. Vi vil ikkje ri på hestar og ikkje lenger seia: Vår gud! til det våre hender har gjort. Hjå deg finn den farlause miskunn.”

Eg vil lækja deira fråfall, og eg vil elska dei av hjarta, for vreiden min har vendt seg frå dei. Eg vil vera som dogg for Israel; han skal bløma som ei lilje og røta seg som trea på Libanon.

Hans renningar skal breia seg utover, han skal vera fager som oliventreet og anga som skogen på Libanon.

Hosea levde meir enn 700 år før Kristi fødsel. Orda hans er tilårskomne. Men er dei uaktuelle? Framleis lagar mennesket sine eigne gudar, endå mange moderne gudar er så forkledde at vi kanskje ikkje tenkjer på at dei har makt over tankane og handlingane våre.

Framleis lyder også profetordet: ”Vend om... til Herren din Gud, for synda di har ført deg til fall” og lovnaden om ei framtid med miskunn, kjærleik og grøde.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Bjørn Eidsvåg syngje sin eigen song ”Føtter på fjell”.

Andakt 14.11.08 ved Vigdis B. Øystese

Skog