For mange år sidan brukte nokon ukeblad å ha en konkurranse. Det var et bilde, og spørsmålet var: Kva er feil med dette bildet? Og så måtte du leite på bildet eller tegninga, og du fann at det mangla et øre på en sau, kanskje ei pipe på et hus.
Kva er feil med bildet? Du treng ikkje sjå deg mykje omkring før du forstår at noko er galt med den verden vi lever i. Menneske dør, familier splittes opp, sjukdom og ulykke rammer, ensomhet og mangel på ekte vennskap er situasjonen mange lever i. Mange ganger føler vi oss heimlause og ensomme, ute av stand til å forstå oss sjølv og vår plass i livet. Vi leiter etter meining og håp.
Det er noko galt med bildet, og tru ikkje at du er åleine som føler det slik, det er ikkje berre du som går rundt og synes at det er noko som ikkje stemmer. For du har rett, Bibelen fortell enkelt og greit at denne verden ikkje er slik Gud hadde tenkt, og den ikkje er alt Gud hadde tenkt for oss. Og på den måten så gir Bibelen oss dei rette brillene som fokuserer bildet, så vi ser klart. Den verden vi lever i, den er ikkje heile bildet, og når den etterlater oss skuffa og utilfredse, så er det ikkje så rart.
Det å oppdage dette er faktisk en lettelse. Vi tenker plutselig: Ja - dette er ikkje alt. Og når eg føler at livet går frå meg, det svarer ikkje til forventingane, eller det føles som eg er på feil plass i tilværelsen – ja, så treng eg ikkje vere uten håp, eg treng ikkje bli desperat.
En engelsk forfatter og filosof som heiter Chesterton oppdaga dette, han hadde fått høre igjen og igjen frå moderne filosofar og andre at han var på rett plass, men til tross for det så følte han seg utanfor og deprimert. Men då han fekk høre at han var på feil plass, då begynte han å synge av fryd, som en fugl om våren. Og så skriv han ei setning eg har tenkt mykje på: ”Nå forsto jeg hvorfor jeg hadde hjemlengsel selv når jeg var hjemme.”
Heimlengsel også når vi er heime. Fordi det er ikkje her vi hører til. Fordi Gud har lagt evigheta ned i våre hjerter. Og der er en lengsel etter denne evigheten som vi ikkje får dekka i alt det gode vi opplever i livet.
Dei gode nyhetene – slik vi les det i dagens bibeltekst frå Apostelgjerningane – er at en dag skal Jesus komme igjen. Då skal han gjenopprette alle ting. Derfor kan vi sjå fram mot denne dagen, for en dag skal rettferdigheten seire, ondskapen skal ikkje lenger ha makta, og alt er ikkje slutt.
Jesus ber oss om å løfte augene, sjå med forventning fram mot at han kjem igjen. Framtida kan virke truande og usikker, vondskap og urettferd synes så ofte å vinne fram. Går vi mot det store kaos eller mot den store undergangen? Nei, sei Bibelen, vi går mot den dagen då Jesus skal gjenopprette alle ting, då blir det fullt ut slik Gud hadde tenkt då han skapte denne verda.
Vil du skrive e-post til Helge Standal, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Sigvart Dagsland syngje ”Himmel” som han har laga saman med Erik Hillestad.