Hopp til innhold

Farande folk

– God morgon til kvar og ein av dykk. Men ein særleg god morgon ønskjer eg deg som er på reise. Det har eg god grunn til. Det er Gjertrudsdagen i dag og tid for å ause straumar av velsigning over vegfarande folk.

Anleggsveg i Aurland
Foto: NRK

På folkemunne er Gjertrudsdagen 17. mars den første vårdagen, ein «visst skal våren kome»-dag. Då skulle ein gå til sengs utan å tenne lys, legge bort all spinning som var vinterarbeid og sauene skulle klare seg sjølv utandørs. Alt skulle strekke seg mot våren. Men i den kristne tradisjonen er dagen knytt til Heilage Gjertrud. Ho levde som nonne på 600-talet i Belgia og var kjent og elska som støtte for vanlege menneske i deira livs strid. Ho tok seg av dei fattige, ho hjelpte dei døyande på grensa mellom liv og død – og slik vart ho vernehelgen for dei reisande.

Det er mitt privilegium å samle alt dette i Jesu namn og seie: Vår Far i himmelen elskar farande folk – og visst skal våren kome.

Quo vadis? Kor går du – og kva reisekost har du med deg? Han som skapte deg i kjærleik og ber deg i sitt hjarte, han følgjer deg, han er hos deg no same kor du er på livsvegen din. I rørsle på veg til arbeid eller ferie. Ved senga om du ikkje kan eller orkar stå opp – eller berre nyt å bli liggande. Anten du går eller ligg, sit eller står, han kringset deg på alle sider. Han pustar på deg på aller mildaste vis. Hans djupaste lengt er at du skal svare han: Kom, vis meg vegen eg skal gå og gi meg det eg treng for å gå den.

Ordet til deg i dag, kjære farande fant, er henta frå ein vakker og sterk samtale mellom Jesus og folket i Johannesevangeliet kap. 6. Jesus underviser om Guds kjærleik: Det er Far min, seier Jesus, som gjer dykk den reisekosten de treng. «Guds brød er det brødet som kjem frå himmelen og gjer verda liv». Då sa folket – og slik gir dei røyst til alle reisande sitt djupaste behov: «Herre, gjev oss alltid det brødet». Og Jesus svara: «Eg er livsens brød».

Og no, ta over, Elias Akselsen, du som høyrer til det reisande folket og er deira sangar. Syng for meg om vegen slik berre du kan.

Geir Gundersen

Musikk: Elias Akselsen - «Jeg er på vandring»

Skog