Hopp til innhold

Få auga på tråden

Ganske mange meiner at barn har berre godt av å møta dei vakre orda om Jesus. Seinare blir denne barndomens Jesus ein umulig figur, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå 2. Peter 1, 16-18.

Kvart menneske er del av mange historier. Nokon triste, nokon heltemodige. Mange med element av humor. Ikkje så få historier der slutten aldri kom. Eit godt stykke på veg kan eg sjølv velja kva for nokon av alle desse historiene eg vil setja i glas og rame.

Og det blir viktig kva for nokon historier eg løftar fram. For dei rollene eg har i dei ulike forteljingane har mykje å seia for kven eg oppfattar meg sjølv som. For kva andre ser i meg.

Mange av dei beste historiene er skrøner. Eller dei er draumar og lengt. Dei har aldri hendt. Det er synd om ingen av dei gode historiene er av denne verda. Om dei alle er for gode til å vera sanne. Då har eg eit problem med å vera der eg er, mens eg er der.

Den historia som handlar om Jesus, den plasserer menneske i litt ulike skuffer.

Ganske mange, trur eg, meiner at barn har berre godt av å møta dei vakre orda om Jesus. Dei håpar ungane får leva lenge i ein slik barnleg idyll. Men før eller seinare blir alle liv innhenta av realitetane. Då blir dessverre denne barndomens Jesus ein umulig figur.

Den kristne tradisjonen har, heilt sidan Jesus si tid på jorda, møtt denne innvendinga. At det er for godt til å vera sant. At det fullkomne er fint å tenkja på, å strekkja seg imot. Men realitetane er dessverre ikkje slik.

Mot dette har kristen tru til alle tider sagt: Faktum est - det har hendt. Det er dei første orda i juleevangeliet, og det er eimn premiss gjennom heile Bibelen: At dsse historiene er av denne verda. Ikkje eit resultat av fantasi, eller lengt, eller draum. At det Jesus kom med, ikkje var berre tankar og ord, men gjerningar og handlingar som gjorde noko avgjerande med alt det som er verkeleg.

Slik står det i Peters andre brev: - Det var ikkje oppdikta eventyr vi for med då vi kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi makt og kome. Nei, vi var augnevitne som såg ..".

Og det er vikitg: At den forteljinga som gjer meg til eit Guds barn, er sann.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Tommy Körberg og Oslo Gospel Choir syngje ”Mitt hjerte alltid vanker”.

Hør andakten 16. januar.

Skog