Etterpåklokskap

For Israelsfolket måtte det etterpåklokskap til for å få med dei lange linjene - for å sjå at Gud var attåt under vandringa i øydemarka på vegen frå Egypt, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Josva 24, 14 - 18.

Å bli kalla etterpåklok, gjer deg ikkje til helt. Om det er sommarveret eller fotballkampen det er snakk om, så er det ikkje så imponerande når nokon kjem etter at svaret ligg på bordet og triumferer med eit ”det var det eg visste”.

Oraklet i Delfi i det gamle Hellas, det svara oftast slik at svaret kunne tolkast i fleire retningar. Heilgardering er alltid eit sikkert tips. Profetane i Det gamle testamentet er ikkje først og fremst spåmenn. Snarare er deira oppgåve å snakka sant om det som er. Gje ein rett analyse, og peika på konsekvensane av ulike vegval. Slår så den prognosen til, har profeten høg kredibilitet. Då er det ikkje etterpåklokskap, men visdom.

Israelsfolket har vandra i øydemarka i 40 år etter utferda frå slavekåret i Egypt. Når dei endeleg har nådd målet, forpliktar folket seg gjennom ein avtale med Gud. Og det skjer i etterpåklokskapens klare lys. ”For det var Herren vår Gud som førte oss ut or Egypt, or trælehuset. Sidan vakta han oss på heile den lange ferda”. Seier folket.

Det har ikkje vore melodien heile vegen. Det var ikkje i salig fred dei rømde med egyptarhæren i hælane. Dei speida ofte fåfengt etter Guds finger medan dei svalt, mista motet, slost med kvarandre, dei klynga seg til gullkalvar og kva som helst for å finna eit fast punkt. Kva gjer me her? Korleis kan dette enda? Kven er me? spør dei. Om dei ikkje er fortapte, så kjenner dei seg ganske ”lost”.

Eg skal innrømma at eg kjende meg litt lettvint, men brukte linjalen i atlaset, og kom til at dei i luftlinje brukte førti år på førti mil. 30 meter om dagen, i gjennomsnitt. Dei brukte mykje meir tid og sveitte og energi på å leita og rota rundt og fortvila og gå i vranglås, enn på framdrift. Og eg tvilar ikkje eit sekund på at dei himmelropande spørsmåla deira, dei kom frå hjarta. At tvilen var reell.

Ser eg Guds finger i mitt liv? For Israelsfolket måtte det etterpåklokskap til for å få med dei lange linjene. For å sjå: Gud var attåt. Så tar dei det med seg som ein del av identiteten sin, som grunnmuren i forteljinga om kven dei er. Som sanne ord om det som er. Slikt får konsekvensar for det som skal komma.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Elias Akselsen syngje ”I egyptens mørke”.