NRK Meny
Normal

Englebesøk

Gud har valt deg ut. Gud har ein draum for deg, fylt av kjærleik og nåde. Gud har ei meining med at du er her, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Luk. 1, 26-38.

God morgon!

God morgon kjære lyttar – og god morgon kjære englar, de som alltid er på veg frå Gud til menneske. Med god bodskap.

Ja, lat oss tale om englebesøk. Og først om det eg vil kalle Englebesøket. Med stor E og i bestemt form: då engelen med namnet Gabriel besøkte ei jødisk ungjente med namnet Maria. Vi er ikkje i eit tåkelandskap. Både engel og menneske har namn.

I følgje evangelisten Lukas, kap. 1, går engelen Gabriel varsamt fram: ”Ver helsa du som har fått nåde! Herren er med deg!” Og når ungjenta Maria støkk i redsle og stigande undring både over besøket og helsinga, seier engelen Gabriel: ”Ver ikkje redd Maria, for du har funne nåde hjå Gud.”

Guds englar spreier ikkje skrekk og metafysisk spetakel. Dei er sendebod om nåde og fred, og innhylla i og gjennomtrengt av nåde og fred kjem desse vindunderlege – og for Maria framleis skræmande orda:

Du skal verte med barn. Du skal få ein son. Du skal gje han namnet Jesus. Han skal vere stor og kallast son åt Den Høgste. Det skal ikkje vere ende på kongedømet hans.

Lat oss stanse litt der.

Slik tenkjer denne andaktshaldaren: Du har englebesøk i livet ditt. Det er alltid englar på veg til deg med nåde og fred frå far din i himmelen. Dei kviskrar til deg i ditt inste, dei talar mildt til deg gjennom alt som hender deg, gjennom alt du erfarer:

Gud har valt deg ut. Gud har ein draum for deg, fylt av kjærleik og nåde. Gud har ei meining med at du er her og gjennom englebesøk vil han at denne meininga skal gå opp for deg.

Korleis skal alt dette gå til, spør mennesket Maria. Du skal få alt, svarar engelen Gabriel. For ingenting er umogleg for Gud. ”Den Heilage Ande skal koma over deg, og krafta åt Den Høgste skal skyggja over deg. Difor skal og barnet som vert født, vera heilagt og kallast Guds Son.” Da sa Maria: ”Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt.”

God Gud, takk og pris for Maria og hennar ja som opna vegen for Barnet. Gi meg å svare som henne når dine englar opnar meininga med mitt liv. Gi Geir det hjartet som tek imot englebesøk og gir seg heilt over i Guds hender.

Amen.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Eva Dahlgren syngje sin eigen song om ”Ângeln i rummet”.

Høyr andakten torsdag 20. desember 2007.