Hopp til innhold

Eit verdig liv

Ingen av oss kan bere ansvaret for livet vårt utan hjelp frå andre, seier denne vekas andaktshaldar i NRK P1, Geir Gundersen.

Heroinsprøyte
Foto: Erlend Aas / Scanpix

Alle menneske er meir enn eit offer. Særleg dei som verkeleg er offer: for samfunnssvikt, for foreldresvikt, for urettferd og overgrep, eller for sine eigne katastrofale valg. Visst kan menneske vere offer. Men alle menneske er meir enn eit offer. Og det største overgrepet vi kan gjere mot andre menneske, er ikkje å respektere det.

Gjennom Blå Kors arbeider eg med menneske, rus og samfunn. Her er det mange offer. Og somme seier: Kor uverdig dei tyngste rusmisbrukarane lever, kor uverdig at dei må stele for å halde oppe misbruket sitt. Lat oss gi dei eit meir verdig liv, lat dei få den heroinen dei treng gratis i trygge omgjevnader.

Det er vanskelege saker. Men eg seier: Det mest uverdige vi kan gjere er å ta frå mennesket ansvaret for livet sitt. Og det er grovt uverdig at samfunnet gjer så lite for å hjelpe menneske som lir og kjempar med å bere dette ansvaret. Ingen av oss kan bere ansvaret for livet vårt utan hjelp frå andre.

”Hadde vi erkjent at alle mennesker er like mye verdt”, sa Kong Harald i nyttårstalen sin, ”ville vi heller ikke tålt at noen møtes med nedlatende holdninger på grunn av at de sliter med et rusproblem. Det krever sterk rygg å gå med verdighet gjennom krenkelser. Jeg skulle ønske at vi sluttet å bruke betegnelsen ”samfunnets svakeste”. I realiteten er noen av dem de sterkeste blant oss.”

Kjære medmenneske! Høyr Sakarja i det 3. kapittelet i profetboka hans: ”Så let han meg få sjå Josva, øvstepresten som stod framfor Herrens engel, medan Satan sto på høgre sida hans og førte klagemål mot han.”

Det er ei rettsak med Satan som aktor. Satan veit kva han snakkar om. Klagemåla mot Josva var ikkje fabrikerte. Men Herren set Anklagaren på plass. Så vender han seg mot Josva. ”Ta av han dei slitne kleda…. Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.” Og profeten Sakarja som har følgt heile scena, bryt ut i glede: ”Set ein rein turban på hovudet hans!”

Sjå Josva, det skuldige mennesket, stå framfor Herren i sine slitne klede. Og smak og kjenn Guds kjærleik. Han bagatelliserer ikkje skulda. Han tek den bort.

Gud, eg ber deg. I denne veka før Palmesøndag. Måtte eg, Geir Gundersen sjå at mitt verd og mi skuld er to sider av same sak. Måtte eg gå beint fram til deg i mine slitne klede. Og bli kledd om, i Jesu namn. Amen.

Skog