Hopp til innhold

Eit vakkert syn

No grip Gud inn. No kjem han Frelsaren og Frigjeraren. No skal det settast ei grense, ei absolutt og evig grense for mørket. No kjem Barnet, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Jes. 52, 7-10.

God morgon!

Ein som står meg nær hadde det vondt. Lenge. Store påkjenningar over tid hadde utløyst ei endå sterkare påkjenning: eit tungsinn, ein depresjon som langsamt vart djup og livstrugande. I denne mørke tida handla det mest om å halde ut. Om å få og ta imot hjelp til å halde ut.

Kanskje kom den beste hjelpa frå dei som forstod at dei mange gonger om dagen måtte seie dei same orda: Kjære deg, ein dag skal det snu. All erfaring fortel at denne pina ikkje varer, ein dag snur det, du skal bli frisk.

Alt har si tid seier Vismannen i Det Gamle Testamentet.

Ei tid til å gråta, ei tid til å le.

Ei tid til å syngja, ei til å danse.

Vismannen har sett at denne vekslinga høyrer menneskelivet til. Dette er mennesket sine tider. Men han har også sett at alt har si tilmålte tid. Mennesketidene er avgrensa. Berre Gud er evig. Og han held alle tider i si hand.

He’s got the whole world in his hands. He’s got the whole wide world in his hands.

Slik song slavane, dei svarte kristne i Amerika.

Han har heile verda i sine hender. Han har alle tider i sine hender. Han har deg og meg i sine hender.

He’s got you and me, sister, and you and me, brother – in his hands.

Dette er hjartet i adventstida. Lys i mørket. No grip Gud inn. No kjem han Frelsaren og Frigjeraren. No skal det settast ei grense, ei absolutt og evig grense for mørket. No kjem Barnet.

Kor fagert det er , syng profeten i dagens ord frå Jes. 52:

”Kor fagert det er når han som ber gledebod, kjem springande over fjell, melder fred og ber god bodskap, forkynner frelse og seier til Sion: Din Gud er konge!”

Javisst er det eit vakkert syn. Og med eit smil om munnen får eg seie at desse orda alltid har hatt ei dragande kraft på Geir Gundersen. For eg vil gjerne sjølv vere ein god bodberar. Og sidan eg dreg på ein polioskade frå barneåra har dette biletet ein særleg appell: Bodberaren som kjem springande over fjell på lette føter.

Han ansar ingenting anna enn det han har fått å melde:

Dei gode nyheitene til mennesket som lir. Det vil seie: til alle menneske på denne kloden vår.

”Herren syner sin heilaga arm for augo på alle folkeslag. Heile den vide jorda få sjå frelsa frå vår Gud.”

Ha ein fin dag. Amen.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Mahalia Jackson syngje den afroamerikanske spiritualen ” He’s gor the whole world”.

Høyr anakten tysdag 18. desember 2007.

Skog