Hopp til innhold

Eit mysterium

Det finst ulike forklaringar på prosessane i naturen. Men same kor godt dei vert forklarte, blir det ein rest mysterium att, synest eg. Vi kjenner på ærefrykt, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Bibelteksten er henta frå Salme 33,1-11.

Det står ei lita selje utfor døra vår. Alt tidleg i januar kunne vi sjå henne med lysande mjuke dun-knoppar. Trass vind og sludd, frost og mørke har ho laga seg til med tydelege emne til gåsungar, eller ”pusekattar” som vi ofte seier her vest.

Gøymd i blanke kvistar ligg våren klar også no midtvinters. Og slike forhasta utbrot av vårleg galskap som vi stundom kan observera i naturen, fyller oss med glede og von, endå vi veit det er så altfor tidleg.

Det finst ulike forklaringar på prosessane i naturen. Men same kor godt dei vert forklarte, blir det ein rest mysterium att, synest eg. Vi kjenner på ærefrykt. Og vi kjenner på otte for at det skal bli øydelagt for oss, dette fine samspelet som viser seg så vakkert i selja utfor døra.

Bibelen fortel både at Gud skapte jorda, og at han bryr seg inderleg om henne og alt som lever. Han er på ingen måte likesæl til korleis vi steller med skaparverket. Guds plan var god, og Guds plan står fast

Det er mykje som har endra seg sidan Bibelens ord vart skrivne ned. Dei gamle profetane som levde fleire hundre år før Jesu fødsel, kunne neppe førestilla seg kva som skulle skje med jorda ein gong i framtida. Og vi kan spørja oss om dei gamle tekstane framleis har noko å formidla. Er dei ikkje utgått på dato for lenge sidan?

Det er vel slik, at det som held seg best, er det tidlause. Og Gud er nettopp det: han er tidlaus, han er evig. Og hans tankar og planar for jorda og alt det skapte står ved lag: Det skulle vera godt.

Difor kan, og skal, kyrkja gå i første linje når det gjeld det som er rett, sant og godt når det gjeld å ta vare på skaparverket, verna det og halda det i stand. Også slik ærar vi Gud og gjer hans vilje. Vi må gjera kva vi kan for at Guds gode planar for verda kan realiserast.

Guds auga ser etter det han har skapt, han kjenner våre vegar og veit at vi både kan rett og rangt. Vi anar hans andedrag i vinden og hans finger over himmelen.Vi kan lesa om Guds plan for skaparverket i ei selje ved døra og i havsens bølgja. Men vi les han tydelegast i Guds ord. Gud vil at jorda skal trivast og menneska der ha fred med skaparverket og med sin Skapar.

Salme 33 i Det gamle testamentet fortel om Guds stordom og plan:

Rop av fryd for Herren, de rettferdige! Det sømer seg for dei ærlege å syngja Herrens pris.
-----------------------------

Syng ein ny song for han, spel fagert og rop av glede! For Herrens ord er sanning, alt han gjer, kan ein lita på.

Han elskar rett og rettferd, jorda er full av hans miskunn. Ved Herrens ord vart himmelen skapt og himmelhæren ved ein pust frå hans munn.
-----------------------------

For Herren må heile verda ottast, for han må dei skjelva, alle som bur på jord. For han tala, og det skjedde, han baud, og det stod der.
-----------------------------

Herrens plan står fast for evig, hans hjartans tankar frå ætt til ætt.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Oslo Gospelkor i salmen Hellig, hellig, hellig.

Høyr andakten 21. januar 2008

Skog