Hopp til innhold

Eit lysande liv

Eg kjenner nokon som lyser i verda. Gud har fått varma dei opp slik at dei er gode å vere nær. Desse menneska har varma meg opp og, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Filip. 2, 12-18.

God morgon!

”Stå ikkje der og skrik på eit berg”, seier Olav H. Hauge i eit dikt frå samlinga ”Spør vinden”, som kom ut i 1971. Det er eit godt dikt for predikantar og andaktshaldarar - og andre alminnelege menneske.

Stå ikkje der og skrik på eit berg. Visst er det sant det du segjer, sant

so det skrell i blekkspann og fant. Gå inn i berget, bygg smidja di der, mur avlen din der, glød jarnet ditt der, syng med du slær.

Me høyrer deg, høyrer deg veit kvar me har deg.

Kvifor hugsar vi Bergpredikanten Jesus? Kvifor gjer talen hans på Berget så sterkt inntrykk på menneske gjennom alle tider? Visst er orda hans både slåande vakre og provoserande sanne. Men det er Jesu liv som gir orda kraft, det at vi veit at han sette alt inn på å leve dei ut. Vi hugsar preika hans fordi han levde den.

I dagens tekstord møter vi apostelen og predikanten Paulus. Han er tatt ned frå preikestolen og sett i fengsel på grunn av orda sine. Frå cella hans kjem det nye ord til dei menneska han elskar, kyrkjelyden i Filippi:

De som var så lydige da eg var hos dykk, ver det enno meir no når eg er borte. Arbeid med livet dykkar, seier predikanten, ja ”arbeid på dykkar frelse med otte og age. For det er Gud som verkar i dykk, i vilja og i gjera etter hans gode vilje.”

Gjer det utan misnøye og motseiing, seier Paulus. Lev slik mellom menneska.

At de ”skin som ljos i verda”.

Kjære tilhøyrar, det er det som er meininga med livet, at det skal begynne å lyse. Ikkje av fullkommenheit og moralsk overlegenheit, men av varme og glede. Det lyset som kjem når eit menneske byrjar å bry seg meir om seg sjøl enn om andre, ja går inn i livet sitt slik det er og byggjer smia si der, som Olav H. Hauge seier.

Eg kjenner nokon som lyser i verda på den måten. Gud har fått varma dei opp slik at dei er gode å vere nær. Desse menneska har varma meg opp og. Så no når eg snart er 60 år, har denne predikanten fått ei ny bøn:

Gud gjer meg til ein nøgd og glad mann – som nokon kan få glede av.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Tobias Östlund syngje ”Sjung inn ljus i alla städer” frå den nye svenske salmeboka.

Andakt tirsdag 7/11.

 

Skog