Hopp til innhold

Eit "barka" ord

Jesus gir ikkje eit teoretisk svar på eit teologisk spørsmål. Han gir eit praktisk svar. Han kastar spørsmålet tilbake på den som spør, han forvandlar det til ei endefram oppmoding, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Lukas 13, 23-30.

God morgon!

I kassa av saker og ting frå borna var små, er det ein liten boks. Inni er det utklipp av bibelord som sto trykt på framsida av avisa ”Vårt Land”.

Sonen vår som stod for utklippa, kalla dei for ”barka ord”. Han hadde ei dragning mot slike barka ord, krevande, konfronterande bibelord, gjerne i Jesu munn. Som med ei setning skar gjennom religiøsitetens søtlag inn til den kjerna der alle våre alvorlege livsvalg bor.

Dagens tekst er eit slikt ”barka ord” frå Jesu munn. I Lukas-evangeliet, kap. 13, vers 23 er det ein mann som stiller Jesus eit barka spørsmål: Herre, er det få som vert frelste? Og Jesus gir eit barka svar: Strid alt de kan for å koma inn igjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma in, men ikkje greia det”.

Eg høyrer eit ekko frå songen på barndommens bedehus: ”To veier ligger for deg, på en må du gå”. Og eg veit at dagens barka ord rører ved eit kjernespørsmål i kristendommen og eit stort stridspørsmål i teologien: Er det ein dobbelt utgang på livet: frelse eller fortaping – eller er det slik at Gud til slutt skal gjere alle ting nye og løfte alt og alle inn i frelsa?

På dette punktet dukkar det opp eit minne frå teologistudiet på Menighetsfakultetet. Den konservative lutherske teologen Leiv Aalen føreles om den store reformerte teologen, sveitsaren Karl Barth. Aalen fortel følgjande anekdote frå Karl Barths auditorium. Karl Barth har lagt fram si lære om at alle menneske skal dragast inn i Guds frelse til slutt.

Det kjem protestar frå auditoriet. Ein modig student reiser seg og seier at dette er i strid med Bibelens lære om dei to utgangane på livet. Karl Barth let det bli ein pause. Så ser han på studenten og seier: Ville du hatt noko imot det? Om Gud til sist frelste alle, ville du hatt noko imot det? Det djupaste poenget i denne historia ligg i at det er Leiv Aalens fortelling.

Han heldt fast ved den tradisjonelle læra om dei to utgangane på livet – men endå siterer han Karl Barth med tilslutning: Ønskjet om at Gud til sist skal frelse alle er i samvar med hjartet i kristen bøn, ja med det djupaste ønskjet i Gud sjølv: at alle som han har skapt i kjærleik skal nå fram til frelsa som kjærleikens mål.

På ein måte svarar ikkje Jesus på spørsmålet om det er få som blir frelste. Det vil seie: Han gir ikkje eit teoretisk svar på eit teologisk spørsmål. Han gir eit praktisk svar. Han kastar spørsmålet tilbake på den som spør, han forvandlar det til ei endefram oppmoding:

Strid alt de kan for å koma inn gjennom den tronge døra!

Kva gjer døra inn til livet så trong? Kvifor kallar Jesus vegen til deg evige livet for smal?

Eg må følgje Jesu praktiske peikepinn og seie: Geir, kvifor er døra trong for deg og vegen smal for deg – og kvifor må du stride for å kome inn? Svaret stig i Geirs hjarte:

På grunn av alt eg må la fare. Fordi eg treng å la alt fare, alt eg reknar for mitt, alt eg gjerne skulle ha med meg. Eg må la det fare. Alle mine ”darlings”. Eg får la dei fare. Gud treng eit tømt hjarte. Når han skal fylle til randa med kjærleik og nåde.
Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Anita Skorgan med "Å Herre, til hvem skulle vi dog gå hen".

Høyr andakten 29. oktober 2007.

 

Skog