Teksten er henta frå Apg. 17, 22-29.
“For ein ukjend Gud" – er i grunnen ein veldig sympatisk inskripsjon på ein heilagdom. Det er vakkert og erbødig og det ligg mykje håp gøymt i det. Inskripsjonen stod på eit alter i Hellas for eit par tusen år sidan.
Kanskje det står der enno? Denne tanken om at Gud er ukjend eller i all fall heilt annleis må vere minst like aktuell no. Etter fleire tusen år med bønn, tilbedelse, tenkning og teologisk forsking, brukar menneska framleis sin Gud som eit våpen for å trygge eigne interesser.
Dersom ein kunne vere trygg på at den almektige Gud var god, så kunne det kanskje vere like greitt at han var "ukjend".
I alle fall i den forstand at ingen hadde påberopt seg å vite kven han var og kva som var hans vilje. Eg håpar inderleg at Gud er såpass annleis enn menneska at ingen eig han eller heilt kan definere han i sine omgrep.
Samtidig er det jo dei kjende menneskelige trekka hjå Gud som gir meg muligheit til å forhalde meg til han; fortellingane om hans glede, sorg, kjærleik og vreide og ikkje minst forestillinga om at han har eit namn og eit ansikt, denne Gud ...
"...som har skapt verda og alt som i henne er,
han som er herre over himmel og jord,..."
Heilagdomar og gudshus er ein god ting. Det ligg mykje tilbedlese og hengivenheit i dei. Men det er alltid eit risikabelt prosjekt å knyte Gud til spesielle hus og stader for den som byggjer - den eig.
For det er dessverre slik at det å kjenne Guds namn ofte har blitt eit viktig middel i makta si teneste. På den tid kyrkja var eit politisk maktorgan var dette veldig tydelig. Men også vi har det med å stenge han inne i forsamlingar og gudshus på ein måte som ikkje er berre bra.
Det er vel ikkje meininga i utgangspunktet - å stenge han inne. Men vi gjer det nok ofte, utan å tenke over det. For der inne i varmen kan vi bli nesten einige om korleis Gud er og så kan vi kjenner oss trygge på at vi kjenner han og hans vilje godt nok. Men...
"...han bur ikkje i tempel som er bygde med hender,...."
Det er vi som bur der og håpet ligg i dette at det fyrst og fremst at han som kjenner og elskar oss.