NRK Meny
Normal

Ein syndar vender om

Vend i tide, det er inga skam å snu, lyder ein av reglane for godt fjellvett. Bibelen har ein liknande biletbruk når han talar om omvending, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Esek. 18, 21-23.

Hugsar du Severin Suveren, han som promoterte dei norske fjellvitreglane på fjernsyn for ein del år sidan? Han gav ein god dag i alle kloke råd og sette av stad på ski med mangelfullt utstyr; han lytta verken på vêrvarslinga eller på fjellvante folk. Det gjekk som det måtte gå, han tabba seg ut, men vart berga av flaks kvar gong.

Vend i tide, det er inga skam å snu, lyder ein av dei reglane som Severin Suveren trassa i sitt overmot. Dagens bibeltekst har ein liknande biletbruk når han talar om omvending:

”21 Når ein syndar vender om frå alle syndene sine, når han held alle mine føreskrifter og gjer rett og rettferd, då skal han ikkje døy, men leva. 22 Alle misgjerningane hans skal vera gløymde. Han skal leva fordi han har gjort rett. 23 Skulle eg ha hugnad i at den gudlause døyr? seier Herren Gud. Nei, eg vil at han skal venda om frå si ferd og leva.”

Det er Guds røyst som talar gjennom desse orda til profeten Esekiel i Det gamle testamentet. Her handlar det om å venda om i tide for å berga livet.

Men det er ikkje knytt til ski-turisme denne gongen. Derimot brukar bibelteksten uttrykket synd, eit ubehageleg gammaldags ord, synest mange og tenkjer på lister over forbodne ting.

Synd er eit gammalt ord som har skifta bruksområde. Opprinneleg tydde det å bomma på målet. Og kanskje er den tydinga nokså oppklarande i forhold til syndsbegrepet. Å synda i religiøs meining, inneber å feila i forhold til dei mål Gud har sett for menneskelivet.

Ordet synd er kanskje gamaldags, men det er diverre ikkje uaktuelt. For også vi som lever i desse moderne tider, bommar kvar dag på det som er mål og vilje for livet, både vårt eige liv og heile vår felles eksistens. Stundom syndar vi med opne auge og av heile vår vilje, jamvel om dei færraste av oss ville formulert det slik. Andre gonger snublar vi og fell. Stundom ser vi ikkje konsekvensane av det vi gjer, andre gonger kan vi lesa om dei i avisa. Men uansett er synda øydeleggjande for livet vårt, for vårt forhold til kvarandre og til Gud.

Difor har det ein verdi i seg sjølv å venda seg frå synda; denne formaninga er ikkje uttrykk for kyrkjeleg kontroll, men for Skaparens inderleg omsorg for mennesket og medmenneska.

Når vi syndar, kan vi jo som Severin Suveren lita på flaksen. At det dukkar opp utvegar i uføret. Men den som syndar, kan også venda om og be om nåde. Og nåde er langt meir enn flaks. Flaks kan du håpa på, men nåden er til å tru på.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Bjørn Eidsvåg med "Se i nåd til oss".

Andakt 09.06.08 ved Vigdis Berland Øystese