Hopp til innhold

Ein endeleg siger

Martyrdagen er ein konfrontasjonsdag, då vi ikkje berre ser lyset til dei truande, men også mørket til dei som drap, ja, kampen mellom lys og mørke, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Openberringa 19, 1-5.

ALLE MARTYRARS DAG

God morgon!

På denne første novemberdagen som har eit heilt spesielt namn: Alle martyrars dag. Dagen har sine røter på 300-talet etter Kristus, og markeringa av dagen byrja etter dei store kristendomsforfølgjingane.

Så lat oss no, starte denne nye dagen i livet vårt, med å ære alle martyrar, alle blodvitne, alle som har mist livet på grunn av si tru. Og ut frå det djupe sentrum i kristen tru, at Gud har skapt alle menneske, at alle menneske kloden over, same kva lagnad dei elles har, same kva religion dei er fødde inn i, skal forstå seg som frukt av Guds kjærleik –

lat oss då ære alle martyrar, alle menneske som ikkje er blitt tolte av makta på grunn av si tru og sin religion. I Jesu namn. Amen.

Korleis er det eigentleg i denne verda? Korleis skal vi tenkje om livet på kloden vår, i universet vårt? Er det først og fremst ein kamp mot alle? Er Universet først og fremst ein kampplass, der dei levande organismane innanfor kva si nisje, kjempar for si overleving, der den sterkaste og mest tilpassingsdugande vinn?

Eller finst det ein orden i det skapte, som det er mogleg å leve i samsvar med eller bryte med? Og våre menneskelege tankar om rett og gale, er dei mentale fantasiprodukt – eller er dei avspeglingar av Det rette, Det gode, Det sanne?

Mange filosofar har tenkt lenge og djupt over desse spørsmåla, og vi gjorde vel i å sette oss inn i deira tankar. Står vi under eit krav, eit kjærleikens byande krav som kanskje kan lesast i nestens andlet – eller er vi frie, nokon ville seie uhyggeleg frie, autonome, vår eigen lovgjevar?

Den kristne trua har sine eigne refleksjonar over og sitt eige svar på dette spørsmålet. Det svaret er særleg aktuelt på Martyrdagen, då vi minnest dei som ga livet for si tru. For Martyrdagen er ein konfrontasjonsdag, då vi ikkje berre ser lyset til dei truande, men også mørket til dei som drap, ja kampen mellom lys og mørke i vårt eige sinn og vårt eige liv.

I dagens ord blir vi med sjåaren Johannes i Bibelens siste bok ”Johannes Openberring”. I denne boka skreiv Johannes ned alt han fekk sjå i ei rekke av skakande syner på øya Patmos. I ein viss forstand fekk Johannes sjå Alt.

Han fekk sjå like inn i den kosmiske kampen som du og eg er vevd inn i gjennom vårt menneskeliv. Han fekk sjå kor forferdeleg sterke dei er, dei kreftene som vil øydelegge og formørke. Som vil snu skapingsprosessen, gjere orden om til kaos og rettferd om til barbari.

Han fekk sjå kor verkelege desse kreftene er og kor dødeleg det er å ignorere dei. Men han fekk også sjå – at desse kreftene ikkje skal få det siste ordet. Og i kap. 19 etter at han har skildra Babylons, valdsmakta sitt endelege fall – høyrer han eit stort og mektig kor i himmelen. Dei song: Halleluja!

Sigeren og ære og makta høyrer vår Gud til for sanne og rettferdige er hans domar. Endå ein gong ropa dei: Halleluja.

Halleluja. I denne tru vil eg leve. I denne tru vil eg døy. Amen.
Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer "Hallelujakoret" med Nidarosdomens guttekor.

Høyr andakten 1. november 2007.

Skog