NRK Meny
Normal

Ein betre veg

Livsens veg, den gode vegen, er alltid å ha feste i sanning og røyndom, sanninga om Gud og sanninga om mennesket, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Salme 19, 8-15.

God morgon!

I følgje gamal, åndeleg kunnskap er det to varianter av ursynda som er særleg eigna til å føre mennesket på villspor.

Den eine er meir kjent enn den andre. Men dei er to sider av same mynt. Den første heiter ovmot, overmot, hovmot. Den andre heiter undermot eller fortviling. Den første fører i overvurderinga si grøft. Den andre i undervurderinga si grøft. Men begge har same rot og begge er måtar å misse seg sjølv på, å fortape seg midt i livet.

Overmot og fortviling. To avvegar frå livet. At overmot står for fall er alminneleg kunnskap. At fortviling er ei synd er både langt vanskeligare å forstå og å akseptere. Men dei gamle visste vel kva dei tala om.

Eg arbeider i Blå Kors. Der er vi velkjende med det destruktive i undermotet. Når eit menneske er blitt avhengig av eit rusmiddel, det vere seg alkohol, narkotika, tablettar eller spel – og fortrenginga si tid er over – då ventar fortvilinga som livstrugande fare.

Sjølhat, sjølfordøming, eg fortener å misse arbeid, kjærleik og familie. Eg er verd å bli trakka på. Konsekvens: Det er betre å bli liggande enn å reisa seg. I Blå Kors veit vi at dersom vi ikkje ryddar vegen til ei sannare, meir positiv livskjensle, er betring umogleg.

Men dei gamle visste altså at både overmotet og fortvilinga er synder, det er variantar av same løgn, ein veg bort frå røyndommen gjennom overdriving, opp- eller nedover.

Livsens veg, den gode vegen, er alltid å ha feste i sanning og røyndom, sanninga om Gud og sanninga om mennesket.

Songaren i Salme 19 arbeider med saka. Berre sjå mot himmelen, den forkynner Guds herlegdom. ”Den eine dagen ber bod til den andre, ei natt gjev sin kunnskap til den neste. Det er ikkje tale, det er ikkje ord og inga røyst kan høyrast. Men bodskapen går over heile jorda og vitnemålet til heimsens ende:

Gud er Gud. ”Herrens lovbod er å lita på, det gjer den urøynde vis… Herrens domar er sanne, rettferdige er dei alle.”

Slik talar den truande om Gud. Men kva så med mennesket? Visst vender det seg mot Gud. Visst ønskjer det å ta imot rettleiing ovanifrå. ”Men kven merkar kor tidt han fer vilt?” Og når songaren har fått kontakt med denne delsanninga, mennesket si ustadigheit og forvirring – då bryt han ut i bøn:

”Tilgjev meg dei synder eg ikkje veit om. Lat mitt hjartans tankar koma fram for deg. Herre, mitt berg og min utløysar.”

Ja, Herre, i denne gode morgonen. Fri meg både frå hovmot og fortviling. Lær meg å gå til deg under alle forhold. Opne opp mitt hjarte, tøm det for overmot og undermot, så eg kan byrje å ta imot. Ta imot den einaste krafta sterk nok til å halde meg på vegen. Kjærleikens og tilgjevinga si kraft. Så eg får mot til å leve, gjennom alle slags dagar, kjærleg og tilgjevande.
Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Steinar Albrigtsen med songen "Min gårsdag er forbi".

Høyr andakten 30. oktober 2007.