Hopp til innhold

Ei himmelsk helsing

I dei stille kveldstimane, når arbeidet er gjort, når ståket frå byen har stilna, når Josef har lagt bort hammaren og høvelen, då høyrer Maria hjarta sitt slå i brystet. Andakta fredag 20. mars er ved Vigdis Berland Øystese

Engel
Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

Ein dag stig engelen Gabriel inn i eit lite rom i ein liten by i Galilea som heiter Nasaret. Der inne sit ei ung kvinne. Maria heiter ho, og er forlova med Josef, snikkaren de veit.

Engelen har ei himmelsk helsing med til henne: "Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!" Den unge kvinna fer saman. Kva er dette for ord? Kva kan dei tyda? Men engelen seier til henne: "Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hjå Gud!"


Marias særlege nåde er å vera mor til den høgste; mor til han som Herren Gud skal gi Davids kongsstol, han som skal vera konge over Jakobsætta til evig tid. Eit barn (avla) ved Den Heilage Ande, eit heilagt barn, Guds Son. For ingen ting er umogleg for Gud.


"Eg er Herrens tenestkvinne. Lat det gå meg som du har sagt," svarar Maria og tar imot Herrens nåde, og engelen fer bort.


Men i dei stille kveldstimane, når arbeidet er gjort, når ståket frå byen har stilna, når Josef har lagt bort hammaren og høvelen, då høyrer Maria hjarta sitt slå i brystet. Det redde hjarta, det unge, redde hjarta som skjelv for dette uverkelege som har hendt med henne, med nettopp henne, av alle små, fattige menneske på jorda!


Og hjarta slår i bringa, av lukke, det unge lukkelege hjarta slår i glede over dette uverkelege som har hendt med henne, med nettopp henne, av alle menneske!


Etter kvart som vekene og månadene går, i tidlege morgonstunder når dagen gryr; ved soloppgang og hanegal, før pliktene kastar seg over henne, då kjenner ho dei små barnerørslene der inne i seg, små fingrar som krafsar, som ein fugleveng først, små føter som sparkar; der inne er eit lite hjarta som bankar.

Og ho kjenner hjarta sitt slå, det unge, redde hjarta som slår uroleg for den vesle der inne og for livet han skal leva og for nådens store byrder som er lagt på han. Og ho kjenner hjarta sitt slå i glede over det barnet ho ber, og over den nåden at han er hennar.


Og Maria syng:

«Mi sjel høglovar Herren,


47 og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.

48 For han har sett til si ringe tenestekvinne.
Og sjå, frå no av skal alle ætter prisa meg sæl,

49 for store ting har han gjort mot meg,
han, den mektige; heilagt er hans namn.

50 Frå ætt til ætt varer hans miskunn
for dei som ottast han.

51 Han gjorde storverk med sin sterke arm;
han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.

Skog