NRK Meny
Normal

Edrueleg tale

Herre, det stikk meg i hjarte. Kva skal eg gjere som har fått endå ei pinsehelg, som endå ein gong får lytte til denne forteljinga? Kyrie eleison. Miskunna deg over meg, ber Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Ap.gj. 2, 22-44.

God morgon!

”Kom heilage Ande. Fyll hjarto til dei truande, tenn kjærleikens eld i dei. Send ut din Ande

og alt skal bli omskapt og du skal gjera jorda sitt andlet nytt”. Amen.

Denne pinsebøna går rakt til kjernen i den kristne tru. Fornyinga av menneskehjartet og fornyinga av jorda er to sider av same sak, same lengt, same lovnad. Men det er ei bestemt rekkefølgje her, og i den rekkefølgja ligg også det provoserande i den kristne tru: først må mennesket bli nytt i djupet av si sjel, så kan jorda sitt andlet fornyast.

Eller vi kan formulere det slik: Det fins inga ekte forandring av denne verda som ikkje byrjar med ei forandring av mennesket sitt indre. Og ønskjer du å gi ditt bidrag til ei betre verd, begynn med deg sjøl, ja med ditt hjarte.

Dei første kristne måtte vente på Pinseunderet, vente på Guds handling først. Kjærleikens og sanninga sin Ande måtte først sendast og så takast imot. Dei måtte fyllast av Den Heilage Ande. Kontakten med Gud, med livskjelda måtte opnast opp innanifrå. Og så, så vart dei sjølve, ein for ein, med heile seg, dregne inn i Andens straum, inn i Guds fornying av sitt skaparverk. Først erfaring av Anden, så formidling av Anden. Først eit nytt hjarte, så eit nytt hjartespråk.

I dagens tekst frå Ap. gj. 2 får vi høyre frå den første kristne preika på pinsedag. Peter stig fram saman med dei elleve, står det. Han veit at tilhøyrarane er skeptiske. Mange meinte at den første kristne talen var fyllerør. ”Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!” men Peter er klin edru og talen klinkande klar. Og orda like utfordrande då som no:

Høyr, høyr, det er no det hender. Det som profetane tala om, det som vi har lengta etter og venta på i alle tider: At Gud skulle halde det han lova og la sin Ande renne ut over alle menneske. Det hender no. Det hender gjennom han som de kjenner, Jesus Kristus frå Nasaret, han som vi let døy på eit kors. Døden kunne ikkje halde på han. Og no er han her med evig liv gjennom våre ord.

Mange insisterte nok framleis på fyllerør. Men om somme står det: Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarte! Og dei har eitt spørsmål: Kva kan vi gjere? Og dei får eitt svar: Vend om og ta imot han.

Herre, det stikk meg i hjarte. Kva skal eg gjere som har fått endå ei pinsehelg, som endå ein gong får lytte til denne forteljinga? Kyrie eleison. Miskunna deg over meg. Gi meg endå ein gong å vende om, å ta dette eine avgjerande steget mot deg. Og ta imot det du veit eg treng framfor alt.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Lutherska Missionskyrkans kör fra Stockholm syngje Kyrie.

Høyr andakten 30. mai.