NRK Meny
Normal

Du høyrer til

Drivkrafta i dette er ikkje alltid lett å sjå eller merka. Det er mykje som ikkje hadde verka, om det ikkje var for Guds kjærleik, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Johs 17, 20-26.

Magnetar er fascinerande. Krefter du ikkje ser eller merkar før det seier klikk, og dei heng saman, magneten og metallet. Der er mykje som ikkje hadde verka, om det ikkje var for magnetismen.

Det er vel slik dei tenkjer, dei som trur på den eine rette. – Det sa berre klikk, forklarer dei forelska der dei sit innfiltra i einannan i sofaen. – Me passar så godt til kvarandre. Nå ser me korleis alt peikar fram mot at det skulle bli akkurat oss to, strålar dei.

Me som ikkje er på det stadiet tenkjer at her har det vel så mykje klikka som sagt klikk.

Men der er ting som er skapte for kvarandre. Den kristne draumen handlar om at det som høyrer saman, kjem på plass igjen. Det dreier seg ikkje berre om at puslespelbitar skal gli inn i kvarandre. Bibelen seier at grunnleggjande strukturar er defekte. Skeiv ramme og gjennomrusting.

I Edens hage, der hang ting saman. Noko fatalt skjedde. Menneske blei jaga ut derifrå. Etter det tar Kain livet av Abel, og så er me i gang. Menneske finn ikkje vegen til Gud, menneske blir fiendar for kvarandre. Det som skulle høyra saman, er splitta.

Fornuftige som me er, greier ein del av oss å feia vekk minnet om korleis det var i Edens hage. Me definerer draumen som for god til å vera sann. Barnleg og vakker, men dessverre urealistisk.

Det Jesus er, og det han gjer, det er å setja saman det som er gått sund. Menneske greier å finna ut av det igjen med kvarandre. Og menneske får komma oppi fanget på Gud.

Når Jesus bed, bed han om ”at dei alle må vera eitt”.

Det som gjer heil, det som restituerer, ja, gjer alt nytt frå grunnen av, det er Guds kjærleik. Som er det same som skaparkrafta.

Drivkrafta i dette er ikkje alltid lett å sjå eller merka. Det er mykje som ikkje hadde verka, om det ikkje var for Guds kjærleik.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Rune Larsen og Bergen Jubilee Singers syngje ”Guds menighet er jordens største under”.

Høyr andakten 28. januar 2008