Teksten er henta frå Ap. gj. 4, 13-21.
God morgon – på denne tredjedagen, den første kvardagen i juleveka.
Kva skal vi gjere med desse mennene? Slik spør Makta i Apostelgjerningane kap. 4, vers 16. Kva skal vi gjere med menneske som set livet inn for Juleevangeliet? Kva skal vi gjere med Peter og Johannes, spør dei i Rådet, der politisk og religiøs autoritet er samla. Dei sender apostlane ut av rettssalen. For no treng maktmenneska å tale fortruleg saman. Kva skal vi gjere med desse frimodige, ulærde menn av folket? Som peiker på Jesus, fødd i Nasaret og seier: Han som de dømde til døden, i hans namn og kraft blir sjuke friske.
Kva kan skje når ryktet om deira gode gjerningar kjem ut mellom folk? Kva skal vi gjere med Peter og Johannes, spør Makta.
Det er morgon etter dagar med fest, tredjedag jul, den første kvardagen i juleveka. Det handlar om korleis vår deilege, plaga jord tek imot bodskapen frå englar, hyrdar og apostlar om Lyset som skin i Mørkret. Den kyrkjelege kalenderen fortel at det er apostelen Johannes sin dag. De veit, han som Jesus hadde særleg kjær, han som la seg inntil Jesu bryst. Han som sa at Gud er kjærleik, sanning og lys og det fins ikkje noko mørke i han. I hans Son var liv, og livet var lyset for menneska. Og lyset skein i mørket, men mørket tek ikkje imot det.
Guds kjærleik i Barnet er ingen spøk. Den får makta til å skjelve. No kallar Rådet Peter og Johannes inn att i rettssalen og byr dei å slutte heilt med å forkynne og lære i Jesu namn.
Peter og Johannes står saman no. Disippelen som Jesus hadde kjær og disippelen som fornekta Jesu namn. Dei står saman framfor Makta. Saman om desse orda frå dagens tekst som den kristne kyrkja er kalla til å leve etter, Gud hjelpe henne:
Døm sjølve om det er rett for Gud å lyda dykk meir enn han.
Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.
Døm sjølve. Der står saka på tredjedag jul, apostelen Johannes sin dag. Døm sjølve. Ikkje ein gong apostlars ord kan du berre ta for gitt. Det går ingen veg utanom det personlege valget i hjartet.
Eg, Geir Gundersen, er eit menneske som har erfart at kampen mellom lys og mørke går føre seg i min eigen kropp. Eg har valgt å tru saman med apostelen Johannes at kjærleiken er sterkare enn døden også i livet mitt. Eg vil ha Jesus til Herre same kva Makta seier.
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer "Mitt hjerte alltid vanker" sungen av SKRUK.