Hopp til innhold

Djup kvile

Når du søkjer kvile, det som kan fylle hjartet sine djupaste behov, ikkje nøy deg med mindre enn Gud, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Hebr. 4,12-13.

God morgon!

Høyrer du til dei som vaknar etter nattesøvnen og likevel kjenner deg sliten?

Du er ikkje aleine.

Denne lengten etter ei heil og restituerande kvile ser ut til å kome frå djupet i kulturen vår. Same kor lange pausar vi tek, same kor langt vi reiser for å feriere, så stig lengten oppatt. Vil eg nokon gong få kvile meg ferdig? Strevet, arbeidet, det som tek kreftene mine synest ikkje å ha nokon ende. Og sjølv om det er rimeleg balanse mellom ulike element i livet mitt, så kjenner eg at eg har del i den lengten etter ei kvile som fyller djupet i kropp og sjel.

På gravstøtta til kona mi sin bestefar les vi denne inskripsjonen: ”Det står en sabbatshelg tilbake for Guds folk”. Eg høyrer det både som eit hjartesukk og ei truserklæring frå ein mann som har levd livet til endes. Orda er henta frå Hebrearbrevet 4,9 som lyder slik i mitt språk: ”Så er det ein kviledag i vente for Guds folk”, altså ein lysande lovnad om full kvile, større enn pensjonistdraumen og alle ferievoner.

Kven skal kome inn til den kvila? Det er spørsmålet som dirrar gjennom det fjerde kapitlet i Hebrearbrevet. Det er eit eksistensielt spørsmål. Det står om livet. Denne kvila er ikkje reservert for nokon minoritet. Den er målet for alle menneske. Men den kjem ikkje rekande på ei fjøl.

På paradoksal vis, det vil seie ekte menneskeleg vis, er det ei kvile som mennesket må arbeide alvorlig for. Det handlar om å nå fram til Røyndomen, til Verkelegdomen gjennom alle lag av illusjonar og sjølbedrag, alle freistande avvegar. Det handlar om kva som gir oss kontakt med det verkelege i livsens straum, og kva som fører oss bort frå det. Inga full kvile utanom Røyndomen, berre gjennom den.

Dette høyrer til kjerna i den kristne tru. Den er verd å kjempe for.

Kjære medmenneske! Når du søkjer kvile, det som kan fylle hjartet sine djupaste behov, ikkje nøy deg med mindre enn Gud. Gå beint fram til Han. Sei beint fram korleis du har det. Og så, høyr på kva Han seier. For hans tale har kraft i følgje – dagens tekstord:

Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tviegga sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, marg og bein, og dømmer hjartans tankar og planar. Ingen skapnad er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjere rekneskap for.

Altså: Full openheit. Stor nåde. Djup kvile.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Gunnstein Draugedalen syngje ”Jeg vet en hvile så skjønn og lang”.

Høyr andakten 5. februar.

Skog