Solformørking – det er ei merkeleg erfaring. Sola blir heilt skjult bak månen, og det blir mørkt, så mørkt at til og med stjernene kjem fram. Kva ville skje dersom vi fraus fast denne augneblinken? Når det var gått ei tid, nokre hundre år, så ville folk kanskje sei: “Alt dette snakket om ei sol, det er berre tull. Dei gamle fortel om lys, men vi har det lyset vi skal ha, vi har det lyset vi treng!" For dersom ein berre har erfart mørke og det er alt ein veit om, då er det vanskelig å tru på eit lys, eit anna slags tilvære.
Då Jesus kom hadde folk i Israel venta i hundrevis av år på Messias. Det er ikkje lett å vente utan at det du ventar på blir oppfylt. Det var gjeve løfter og profetiar om ein frelsar, men ingen ting skjedde. Og det var nok mange den gongen også som sa: “Alt det snakket om ein Messias som skal kome, det er visst berre gamle myter og eventyr. Vi treng ikkje ein frelsar, vi har det greitt som vi har det!"
Ein av dei som venta var gamle Simeon. Det står i Lukasevangeliet at han venta på den tida som skulle kome med trøyst for Israel. Ei tid som Gud hadde lova, ei annleis tid, med håp i staden for motløyse, med fred i staden for uro, med frelse i staden for fortaping. Ei tid med trøyst frå Gud.
Og då han fekk ta Jesus-barnet i armane sine, sei han: “Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred . . For augo mine har sett di frelse, som du har skipa til for alle folks åsyn, eit ljos til openberring for heidningane og til ære for Israel, folket ditt."
Simeon fekk sjå eit barn, og då såg han lyset. Han såg Jesus, og då kunne han reise her frå denne jorda i fred. For han hadde fått sett Guds frelse. Det var nok. Det han hadde venta på var oppfylt.
For ein del år sidan hadde ei avis intervju av folk på gata og spurte kva dei ville at prestane skulle snakke om den jula. Ein av dei som blei intervjua svarte: “I alle fall ikkje om Jesus".
Det er mange som synes dei klarer seg godt utan han. Vi har god mat, fine gåver, vener eller familie, juletre og alt det andre som hører med. Kva skal vi då med Jesus? Vi har det greitt som vi har det.
Men der er eit lys, som er blitt openberra for dei som vil sjå og som vil ta imot. Det lyset er Jesus. Jakob Sande opplevde livet vanskeleg, eg trur han mange gonger hadde behov for trøyst. Han skriv om Jesus: Og finner du ham i krybbens hø som hyrder så, da eier du nok til freidig å dø og leve på.
Dei som tar Jesus inn til seg, slik Simeon gjorde, dei får erfare: Han er verdens lys, den som trur på han skal ikkje lenger vandre i mørket, men ha livets lys.
* * *
Hanne Krogh synger "Bryt ut i sang".