Det er advent. Eg tenner to lys, eitt for det som kjem og eitt for det som er. Det er sånn med Gudsriket , det blir brukt både for å beskrive dette som ligg bortom dette livet, livet hos Gud, og for å beskrive kordan glimt av dette faktisk fins her og no. Å lengte etter det som er…
Kva ser du når du ser ut av ruta di i dag? Er det styggevær, sludd? Kvit nysnø, kanskje?
Eg vil leite etter glimt av Gudsriket i dag.
"For Guds rike er midt iblant dykk," seier Jesus. Igjen og igjen gir Jesus vegleiing på kva som er teikna på Gudsriket i verda – han et med forakta og fordømde, og fortel overskridande forteljingar frå kvardagslivet. Vennene vert oppmoda om å vere der – kor teikna på Gudsriket er.
Ifølgje bibelteksten for denne dagen, ber Jesus vennene sine om å sjå på trea: "Når de ser lauvet sprett, då veit de at sommaren kjem. Såleis og når de ser at dette hender, då veit det at Guds rike er nær."
Ikkje noko særleg overraskande poeng, men greia er at Jesus set venene sine på sporet til å sjå. Ting i naturen gjer at vi veit kva årstid vi er i no, og det neste kjem etter det førre.
Kva ser du når du ser ut av ruta di i dag? Er det styggevær, sludd? Kvit nysnø, kanskje?
Vi kan være opne for Guds nærvær, her inne, der ute. Ting i naturen gjer at vi veit kva årstid vi er i no. Skaparverket er ikkje så dumt. – teikn i naturen vitnar om liv, endring, forlaup. Eg let meg nære av ein slik åndelegheit som er basert på dei alminnelige tingas betydning: Frå morgon til kveld, - frå haust til vinter til vår.
Eg vil leite etter teikn på gudsriket i dag. Å sjå – å få auge på, det er sansane vi møter verda med.
Ved å gi dei oppmerksomheit trur eg vi finn spor av håp og nåde.
Dom Helder Câmara:
Legg øret mot jorden og lytt etter lyder omkring. Mest av alt høres støyen fra urolige, opphissede skritt, fra engstelige skritt i skyggen, fra skritt av bitterhet og protest…
Ennå intet ekko av håpets første skritt. Men legg øret enda tettere mot jorden.
Hold pusten. Spenn alle dine sanser. Mesteren er på vei! For kanskje kommer Han ikke i de lykkelige timer, men i de vonde timer blant tunge, usikre skritt.
Dom Helder Camara: Tusen grunner for å leve, Verbum forlag, Oslo 1985
Vil du skrive e-post til Kari Veiteberg, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Kristina Jølstad Moi syngje "Et lite barn".