Hopp til innhold

Det nyttar

Det finst ingen stad og ingen tider i menneskelivet der Gud ikkje er. Det er i han vi lever og rører oss og er til – same korleis vi har det og korleis vi har stelt oss, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Jer. 29, 11-14.

God morgon!

I dag er det to dagar att til TV-aksjonen Blå Kors 2008. Der skal vi sette dei små menneska i sentrum, barn som veks opp i rusmisbrukande familiar, barn som ikkje får vere barn fordi dei tenkjer: eg må passe på mor og far.

I dag seier vi: Det nyttar! Det er aldri for seint å gripe inn. Det er alltid framtid og von der tabuet blir opna, der den vonde sirkelen av tausheit blir broten, der lys og kjærleik og omsorg kjem inn gjennom vaksne som bryr seg.

Du har kanskje allereie møtt dei, eller du vil møte dei på søndag: rapportar frå menneske som har budd i det hemmelege landet, saman med ei mor eller far eller begge foreldra som rusa seg. I ulike versjonar seier dei: Eg kjem frå det hemmelege landet. Eg vaks opp der og veit kor vondt det kan vere å elske foreldre som ikkje maktar å halde seg edru. Eg veit kor einsamt det er i det landet og kor mykje krefter ein brukar på å late som om alt er bra. Men eg veit og kor mykje betre det kan bli når ein vågar å seie det som det er og sleppe eit anna vaksent menneske inn i det hemmelege landet.

Bodskapen til oss vaksne er tindrande klar: Vi må bryte det tabuet som heiter privatlivets fred. Vi må til og med tore å ta feil. Vi må våge å bry oss og bli varslarar på vegne av lidande barn. For det nyttar!

I dagens tekstord frå Jer. 29 får vi høyre korleis Gud talar til menneske som har mist vona og ikkje lenger trur at det nyttar. Dei er i ein situasjon mange av oss kan kjenne oss att i. Når smerte og sorg veks til eit hav av fortviling. Dei er ført bort frå heimlandet til framandt land av sine okkupantar. Dei har mist kontakten med templet i Jerusalem og tenkjer: Det er ute med oss. For Gud er ikkje her. Han har forkasta oss og gløymt oss.

”For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukkestankar. Eg vil gje dykk framtid og von.”

Høyrer vi?

Det finst ingen stad og ingen tider i menneskelivet der Gud ikkje er. Det er i han vi lever og rører oss og er til – same korleis vi har det og korleis vi har stelt oss. Han er ikkje berre nær oss, han er sentrum i livet vårt. Han vil alltid opne den døra for oss som heiter framtid og von. Han vil alltid puste kjærleg på oss så vi vågar å la illusjonane fare, illusjonane om at alt håp er ute. Og så opne oss for varmen frå Gud og varmen for andre menneske i det som er våre verkelege vanskar.

Eg kan trygt seie: eg veit kva eg snakkar om. Det er mi eiga prøve kvar dag. Det er grunnrørsla i det gode livet: å vende seg mot kjærleiken. Det nyttar!

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Sondre Bratland syngje ”Guds kjærleik er som stranda og som graset”.

Andakt 17.10.08 ved Geir Gundersen

Skog