Teksten er henta frå Luk. 24, 44-52.
God morgon.
Når me iblant tenkjer på å be, blir me fort opptatt av kva me seier til Gud. For nokon er det helst dei store livsspørsmåla som høyrer heime i samtale med Vårherre. Andre pludrar dagen lang, om kva som helst. Kanskje tenkjer eg òg på at lengten, sorga, gleda, takken kan bli til bøn når eg veit eg har ein himmel over meg.
Bibelteksten for i dag er dei siste linjene i Lukasevangeliet. Det er der det står om at Jesus for opp til himmelen. Det siste læresveinane ser av han, er at han løfter hendene og velsignar dei. Difor er dei i stor glede, også etter at han er faren. Men det nest siste som skjer, det handlar på eit vis om bøn: "Så opna han tankane deira, så dei kunne skjøna skriftene." (Luk 24,45).
Bøn handlar ikkje berre om kva eg seier til Gud. Eg skal og lytta. Gjennom heile kristendomen si mangslungne historie har dette vore pulsslaget for trua: Eg skjønar meir av meg sjølv og Gud gjennom det som står i Bibelen.
Til å lesa "skriftene" med overlys, treng eg tankar som er opna av Gud. Bøn utan Bibel, blir fort berre eit ekko av meg og mitt. Å be er å villa vera i sanninga. Både i det som er sant om meg. Men òg å vera i det som er Gudsens sanning. Den står det om i skriftene.
Å gå på tur med ungar kan stilla større krav til mental kondisjon enn til styrke i beina.
- Det er så langt! Er me ikkje snart framme? Det hjelper med eit utsiktspunkt. - Der parkerte me. Der er den store steinen. Og der, forbi den bergnabben ved enden av vatnet, der er det berre ein bakke opp, så er me framme. Og så kjem kreftene og motet. Slik er skriftene, når tankane er opna, så me skjønar dei. Dei gir perspektiv på det som var. Og teiknar målet. Og hentar fram nye krefter, nytt mot.
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Arild Boge syngje Haldis Reigstad sin song, "Ved kjelda".