NRK Meny
Normal

Den gylne regelen

Vi har alle bruk for den gylne regelen for å gjera det godt mellom oss. Det er smart å bruka si eiga erfaring om det gode og ønskverdige i møte med andre, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Matt. 7, 12.

Trafikken kan vera tett om morgonen på veg til jobb, eller om ettermiddagen når du skal heim. Kanskje er du ein av dei som er avhengig av bil til og frå arbeid, og du kjenner difor at du har ein særleg rett til å koma deg trygt og raskt fram. Difor blir du mektig irritert når ein av desse iglane, kanskje i ein rask og dyr bil, pressar seg inn i køen etter diverse krumspring.

Du hengjer deg på støtfangaren til bilen framfor deg og slepper ikkje inn så mykje som ein småfugl! Lenger framme står bilistar i kø for å sleppa inn frå ein sideveg; litt skremde og nølande medan trafikken på hovudvegen dundrar forbi.

Skal der bli ei opning? Vil det vera ein som les trafikken og slepper inn nokre av dei; ein som sakkar litt på farten og lagar rom? Er det du som gjer det?

Det var jo litt av ein start på ei morgonandakt, - og kva har dette med dagens bibeltekst å gjera? Teksten er vidgjeten og har sitt eige namn: Den gylne regelen: ”Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier”.

Det kan verka litt snusfornuftig å koma med den gylne regelen i trafikken, i butikken eller andre kvardagslege stader, men det er faktisk ein god og tankevekkjande regel med eit stort praktisk potensial.

Den gylne regelen får oss til å tenkja oss om, får oss til å koma på at andre menneske og deira ønske er like viktige som våre, at deira liv er like mykje verd som vårt. Det er så mykje vi ikkje veit om kvarandre, når vi møtest i eit av livets mange vegkryss.

Og tenk om vi før vi blei for irriterte og dømmande, kunne ta ein liten runde med den gylne regelen og spurt oss: Korleis ville eg tenkja det var godt å bli møtt?

Den gylne regelen tar innersvingen på oss, på mange vis, ved å gå vegen om tanken på vårt eige beste, våre eigne ønske.

Det er dei som hevdar den gylne regelen ikkje kan brukast alltid, fordi ein kan ha ønske på eigne vegner som ein slett ikkje skal overføra på andre. Difor står heller ikkje den gylne regelen åleine i Bibelen, men er støtta av ei rekkje råd og bod som skal tryggja fellesskapet og rettferda.

Vi har alle bruk for den gylne regelen for å gjera det godt mellom oss. Det er smart å bruka si eiga erfaring om det gode og ønskverdige i møte med andre. Men du, kor vanskeleg det er.

Gud har gitt oss denne rettesnora; han kjenner oss og veit at vi forstår ting best når vi kan kjenna etter våre eigne behov og bruka dei som utgangspunkt. Sjølv treng Gud ingen gyllen regel. Det er sin store kjærleik og ikkje sine eigne behov han har som målestokk når han møter oss med nåde og tilgiving jamvel når vi pressar oss fram i livet utan omsyn til dei rammene som er gitt for det.

 

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi hører instrumentalen "Intermezzo fra Cavallerina Rusticana".

Høyr andakten 26. juli.