NRK Meny
Normal

Den gode gjetaren

– Då eg var liten hadde eg eit bilde hengande over senga mi. Det var av Jesus. Han sto med ein stav i handa. Ved føtene hans låg det tre lam. Det var tydeleg å sjå at Jesus passa på dei.

Sau og gjeter i Nasaret.
Foto: Tor Øystein Vaaland. / NRK

Kristus er oppstaden!

Eg hugsar at eg alltid syntes det bildet var så fint og trygt å sjå på. Det var der om kvelden når eg skulle legge meg, og om morgonen når eg vakna.

Bibelordet i dag er det bildet: Jesus seier: Eg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Gjetarens oppgåve er å leite og finne; å ta seg av og ta vare på; å bere dei som er slitne; å verne om og beskytte.

Men viss gjetaren stengjer dyra sine inne med gjerde rundt så dei ikkje skal trenge å møte på farlege ting, gjer gjetaren ingen god jobb! For dei som treng at nokon passar på og ser etter dei, dei treng også å få springe fritt. Dei skal få kjenne seg fri. Dei skal få vakse og kjenne at litt etter litt kan dei springe lenger og greie seg på eiga hand. Og likevel alltid vite: Eg har nokon som passar på meg. Det er ein som ikkje gir opp før han veit at eg er trygg. At eg er komen heim.

Det var eit fint og trygt bilde eg hadde over senga: Av Jesus som den gode hyrdingen; den gode gjetaren. Og eit godt bilde! No er det vår og lammingstid. Vi blir slegne av at lamma er så små. Og så hjelpelause. Vi ser jo at dei treng nokon til å passe på seg. For livet er sårbart.

Den kanskje vakraste gjetarhistoria i Bibelen er frå Juleevangeliet - om hyrdingane som var ute på marka om natta for å sjå etter sauene sine då englane kom på himmelen over dei. Då bar gjetarane det finaste dei hadde til Jesus; lamma sine. Dei bar dei til han - som kom for å bere oss.

Jesus sa til sine disiplar at han er den gode gjetaren. Då skjønte dei enda meir av kven han var for dei; og for oss: Ein som kan leie oss til grøne sletter og sprudlande kjelder når livet kjennes tørt og tomt. Ein som leitar etter oss. Som kjenner oss alle ved namn. Som er venen vår!

No i påsketida feirar vi at Jesus gav livet sitt for oss og vann over døden. Jesus sa at den gode gjetaren må vere villig til å gje livet sitt for å verne om dei han er sett til å passe på. Han sa det. Og han gjorde det då han døydde på korset i påsken. Han gjorde det for oss. For at vi skulle få livet igjen. Det evige. Saman med Gud. Jesus er den gode gjetaren!

Ragnhild Jepsen

Musikk: Jonas Fjeld - «Hyrden»