Den første kjærleiken

– God morgon! Korleis var det med dei første kristne?

Krusifiks / kors i Mortensrud kirke.
Foto: NRK

Korleis byrja det som seinare vaks til den mangfaldige, globale institusjonen «den kristne kyrkja»? Den gongen, når dei Jesustruande ikkje hadde støtte i nokon strukturar og nokon etablert kultur – kva var det som samla dei? Korleis byrja alt saman?

Eg tenkjer: Det er ei god øving når ein skal prøve å forstå den krevjande nosituasjonen: å sjå tilbake, heilt tilbake til byrjinga. Den første kjærleiken! Krafta i dei første stega saman. Det som lyfte hjartet, det som gav mot til saman med andre menneske å starte noko heilt nytt, kva var det? Høyr, slik var vanane til dei første kristne ifølgje dagens ord frå Apostelgjerningane kap. 2,42: «Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene». Og like etter står det: «Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt ilag».

Sjå dei første kristne. Kjenn den første kjærleiken. Smak ingrediensane i den, her er det mat for både hovud og hjarte:

  • Apostlane si lære – det er minnet om Jesus som ingen fekk forfalske.
  • Samfunnet – det er eit levande menneskeleg fellesskap.
  • Brødsbrytinga og bønene – det er gudstenesta slik Jesus hadde lært dei.

Her finst ikkje eit gram politisk makt, berre menneske som søker saman i tru.

Eg kjenner den varme angen frå dei første kristne sin første kjærleik. Eg frydar meg over at det er mogleg. At vi menneske har denne kapasiteten til å krysse hav av avstand i tid og bli eitt med det gode utgangspunktet. At Gud har lagt det ned i oss så vi alltid kan vende om og byrje på nytt.

Eg gler meg på vegne av den kyrkja eg tilhøyrer, det er mogleg å vende tilbake til den første kjærleiken. Det er den kortaste vegen til fornying og langt betre enn å lyfte seg sjølv etter håret.

Og eg gler meg saman med deg, gode tilhøyrar. Det er mogleg både for deg og meg å vende tilbake til den første kjærleiken når vi treng det. I vennskap, i parforhold, i arbeid. Det som ein gong gløda av liv, kan vekkast opp att i Jesu namn.

Geir Gundersen

Musikk: Lutherska Missionskyrkans kör - «Tatanaca»