Hopp til innhold

Den fagre skatten

Den fagre skatten, gjeven og gøymd i livet ditt. Der inne, inne i ditt livs erfaringar, fins det eit lys som ventar på å bli oppdaga, så det kan lyse deg opp innanfrå, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå 2. Tim. 1, 9-14.

Den fagre skatten som er tiltenkt deg

God morgon!

Kva er skatten i livet ditt? Leitar du etter den? Kva har du fått som det er avgjerande viktig at du tek vare på ? Veit du kva det er? Treng du ein hjelpar til å finne og forvalte skatten din?

Dei store spørsmåla står i kø denne morgonen, og sommaren er ei god tid til å fundere over dei.

I dagens tekstord blir den unge kristne misjonæren Timoteus minna om sin skatt: å forkynne Kristus, han som har gjort døden til inkjes.

”Ha dei sunne ord som du har høyrt av meg til føredøme”, seier Paulus. Og stå fast i den tru og kjærleik som vi har i Kristus Jesus. Ta vare på den fagre skatten som er deg tiltrudd! Den heilage ande som bur i oss, skal hjelpa deg til det” (1. Tim 9, 13-14)

Sjå der , du har ein hjelpar. Den Heilage Ande som bur i deg, som sender sine meldingar frå djupet av ditt indre, alltid. Du har ein hjelpar, vil du sleppe han til? Han ropar ikkje over hustaka, han treng ikkje det, han bur i deg, han treng at du vender øyret ditt innover.

Den fagre skatten, gjeven og gøymd i livet ditt, slik det er. Der inne, inne i ditt livs erfaringar, fins det eit lys som ventar på å bli oppdaga, så det kan lyse deg opp innanfrå: meininga med at du er her, den heilt spesielle meininga du er aleine om.

Eg seier: Dette er vårt kristne menneskesyn. Kvart menneske - med den fagraste skatt inni i seg. Kvart menneskeliv - ein like fager skattejakt.

Kvart menneskehjarte: ein bustad for Gud, der hjelparen Den Heilage Ande prøver å opne vegen til skatten.

Denne trua på mennesket er ein konsekvens av trua på Gud. Det er inga romantisering, det er det einaste realistiske, det er i samsvar med vår lagnad som elska skapning.

Kjære sommarlyttar!

Du har ikkje skapt deg sjølv. Skaparen har ikkje sett deg til verda som eit gapande tomrom. Han har lagt sin elsk på deg. Han er nærare enn du kan tenkje deg. I denne stunda bles han kjærleikens vind på deg. Så du skal våge å vende om, bryte opp, seie ja takk til den fagre skatten gøymt i livet ditt. Og bruke resten av det til å dele den ut. Trufast, takksam.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Elias Akselsen syngje ”O, Jesus, du som fyller alt i alle”.

Skog