Hopp til innhold

Dagen for dei uskyldige barna

Midt i idyllen og roen som kviler over stallen, blir vi minna om ei rå verd, der også barna lid. Der dei blir ofre for vaksnes kamp, seier Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen.
Foto: Helge helgheim / NRK

Teksten er henta frå Matt. 2,13-18.

På reise i Vietnam møtte eg Anh. Ho var åtte år og budde saman med besteforeldra sine. Anh var foreldrelaus, mor og far var døde av aids. Sjølv var ho også smitta. Og sjuk. Men lenge før ho vart sjuk hadde folka i landsbyen jaga henne og bestemor ut av fellesskapet. Dei måtte rydde seg eit hus attom ein gravplass. Dit ingen kom eller hadde ærend.

Eg trur Anh er det sterkaste vesle mennesket eg har møtt. Ho bar på draumar og håp heilt til det siste. Ho trøysta oss som gret for henne. Midt i det meiningslause gav ho oss tru.

Denne dagen har ei overskrift: Dagen for dei uskuldige barna. Midt i idyllen og roen som kviler over stallen, blir vi minna om ei rå verd, der også barna lid. Der dei blir ofre for vaksnes kamp, uvitskap; vondskap. Det råka også den vesle familien frå stallen på Betlehemsmarkene. I evangeliet etter Matteus står det skrive:

Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: ”Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier i frå! For Herodes kjem til å leita opp barnet og vil drepa det.” Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profetane: Frå Egypt kalla eg son min.

Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene.

Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:

Eit rop høyrest i Rama, gråt og høglydt klage: Rakel gret over borna sine og vil ikkje la seg trøysta. For dei er ikkje meir.

Til dei uskuldige barna kom han; til det vesle barnet i stallen - han som sjølv måtte røme for å berge livet. Han som sette så sterke krefter i sving at barn måtte døy. Så mødrene gret i botnlaus fortviling.

Men han som sjølv var eit barn på flukt til det usikre, har vorte ein tilflukt for dei som ikkje veit kvar dei skal gå. Ikkje noko liv er uprøvd for Jesus.

Ikkje noko er framand. Ingen er framand for han.

Skriv e-post til Ragnhild Jepsen.

* ** * * * * * * * * * * * * * * ** * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Elias Akselsen med sin versjon av julesalmen: ”Her kommer dine arme små”.

Hør andakten 28/12.

 

Skog