Hopp til innhold

Borgund i Ålesund

Samantvinna slangar på dørhandtaket i Borgund kyrkje er bundne med lås der dua og vatnet er symbol. Det symboliserer at ondskapen blir bunden av dåpssakramentet.

Borgund kyrkje
Foto: Karl-Otto Kristiansen

Annstein Lothe

Annstein Lothe er sokneprest, men har permisjon for å arbeide i Sjømannskyrkja i Nordsjøen ein periode.

Foto: Helge Helgheim / NRK

Det blir gudsteneste i Borgund kyrkje i Ålesund. Det er 23. søndag etter pinse, og teksten står i Matt. 18, 15-20.

Kjetil Kvangarsnes

Kantor Kjetil Kvangarsnes

Foto: Helge Helgheim / NRK

Sokneprest og sjømannsprest Annstein Lothe preikar, og kantor er Kjetil Kvangarsnes.

Salmane er frå Norsk Salmebok på numra: 494. 728. 871. 710. 27 (S-97).

Det er salmane Å, for djup i Jesu kjærleik, Herre, du vandrer fornedrelsens vei, La oss vandre i lyset, Vi rekker våre hender og Gå gjennom byens lange, rette gater.

Borgund kyrkjekor deltar med Kjetil Kvangarsnes som dirigent.

Høyr: Gudsteneste frå Borgund kyrkje 19.10.08

Historie
I siste halvdel av 1100-talet stod det truleg fire kyrkjer i Borgund. Til samanlikning var det på same tid berre fire kyrkjer i Oslo også. Ein har tydelegvis freista å bygge opp eit kyrkjeleg senter mellom Bergen og Trondheim. Dette fekk meir å seie etter at Selje bispesete og kloster miste sin innverknad.

Preikestolen
Johannes Døyparen er preikestolberar. Han ber heile Jesu historie på ryggen: "Han skal vekse, eg skal minke". Jesu historie er framstilt frå fødselen i stallen til Getsemanebøna. Legg merke til enka som gir alt ho har på tempelkista. Det er barnet som gir, for å understreke at ho gir alt endå ho hadde forsørgar-ansvar.

Inngangen
Legg merke til dørhandtaket. Samantvinna slangar bundne med lås der dua og vatnet er symbol. Vondskapen vert bunden av dåpssakramentet.

Treskurden ved inngangen langs orgelgalleriet skal vise at alle stender, alle slags meneske skal fritt få kome inn. Gud gjer ikkje forskjell på folk. Legg merke til naturhushaldningas husmor med myndig nøklemakt.

Vestgalleriet
Det gamle testamentet: Abraham, Moses, David, osb., profetien fram til seinjødisk tid. Tempelsøylene i Jerusalem i midten.

Austgalleriet
Kristninga av Noreg. Kongane - frå venstre - Håkon den Gode, Olav Tryggvason, Olav den Heilage og Olav Kyrre. Kvinneskapnadene står for - frå venstre- forkynninga. Legg godt merke til at det er ei kvinne som vert brukt når forkynninga av Guds Ord og invitasjonen til Himmelriket vert gjeven! Vidare - lovsongen, trua og hyldesten. Det er kvinnene som står for dei mjuke verdiane, dei eigentlege!

Middelalderalteret mot aust har eit lite relikvierom i alterplata. I austgangen står ein gravstein frå tidleg middelalder.

Altartavla
Jesu død og siger over død og syndefall. Adam og Eva blir drivne ut frå Paradishagen. Jesu oppstode påskedag - markert med lys eik. Og øvst Jesus som den himmelfarne, som med åpne armar ønsker oss velkomne til å få del i all hans gjer-ning. Nedanfor: Øvst til venstre, erkeengelen Mikael - hersjefen med lansen. Nedanfor til venstre, Uriel - Guds lys. Øvst til høgre, Rafael - Gud lækjer. Under til høgre, Gabriel - Guds mann med bodskapen om Jesusbarnet. Ein ser óg dei fire evangelistane.

Døypefonten
Han er oppheisbar med stjernelagt himmelstige. Åpe samband mellom himmel og jord. Maria med Jesusbarnet på toppen. Gjennom han må Guds nådeshandling gå.

Glasmåleria
Dei er plasserte i koret og er norske (Glasmeister G. A. Larsen, Oslo) og har motiv frå Det nye testamentet. Glasmåleria på orgelgalleriet er laga i England og viser læresveinane Johannes, Peter og Jakob.

Orgelet
Orgelet er frå 1981 og er bygd av Marcussen & Søn, Aabenraa i Danmark. Mekanisk, tre manualar, 35 stemmer og 2.240 piper. Ornamentikken i orgelfronten er gjort i eik av treskjeraren Oddvin Parr. Orgelet er eit av dei finaste instrumenta i landet. Orgelpositivet i koret er lagd av Paul Ott, Tyskland.

Opplysningane er henta frå Borgund kyrkjelyd si heimeside.

Skog