Bøn på bortebane

– Me har dei midt iblant oss, dei som kan fortelja korleis det er å vera på bortebane. Det seier denne vekas andaktshaldar i NRK P1, Jon Ådnøy.

Integrering og fellesskap
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Bortebane er ingen fordel, verken for spelarar eller publikum. Om du som Vålerenga-tilhengar stiller i blå drakt og gaular midt blant dei raudkledde på hovudtribunen på Brann stadion, så er du i beste fall uforsiktig. I verste fall dum. Folk kan bli slått ned for mindre.

Det står noko i Bibelen som eg ikkje har lagt merke til før. Om utlendingar, og om Gud. ”Det kan henda”, står det, ”at utlendingar som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, kjem frå eit land langt borte”. Underforstått: At utlendingane kjem til Jerusalem, og dermed til Gud.

Me har dei midt iblant oss, dei som kan fortelja korleis det er å vera på bortebane. Ei kvinne frå Somalia som aldri lærer å uttrykkja seg skikkeleg på norsk. Ein gut frå Tsjetsjenia som har grunnleggjande problem med å tolka kjønnsrollene i Noreg. Kvinna frå Thailand som strevar med å lesa det norske sosiale spelet, og som derfor aldri får ei sentring. Sjølv om ein lærer seg dei norske orda, på eit vis, blir mykje så framandt.

Jon Ådnøy

Jon Ådnøy er journalist i Haugesunds Avis og vekas andaktshaldar i NRK P1.

Foto: Privat

Grunnloven fylte 195 år i går. Han var meir radikal enn det meste som var laga på den tida. Så var og impulsane henta frå fridomstenkjarar i fleire land. Men de var to skamplettar på grunnloven av 1814. To grupper som ikkje fekk vera med i fellesskapet: Jødar skulle ikkje ha ”adgang til Riget”. Heller ikkje jesuittar.

Tankegangen finn gode parallellar i Det gamle testamentet. Mens me har lært oss at Gud er for alle, understrekar Gamletestamentet oftare at han er Abrahams, Isaks og Jakobs Gud. Gud tar vare på etterkomarane deira. Og dermed blir Gud ofte den som hamlar opp med alle og alt som trugar hans eige folk, om det er filistrar eller farao eller hunger eller anna naud.

Alt det gode som Gud representerer, det er i store deler av Gamletestamentet skildra omtrent på same måten som formuane etter Rockefeller eller ein arabisk oljesjeik: Der er uendelege rikdommar. Men alt er øyremerkt dei som har arverett til det. Dei som kan slå i bordet med aksjar, eller aller helst ei slektstavle med Abraham, Isak og Jakob.

Når Gud stort sett er ein nasjonal gud i store deler av Det gamle testamentet, så er dei påfallande, dei orda i dette avsnittet. Ei oppmoding til Gud om at han må høyra utlendingane, når dei ropar til han. Dette peikar fram mot Gud, slik me kjenner han gjennom Jesus. ”Gud signe vårt dyre fedreland”, song me i går. Det er greitt. Ikkje fordi Gud er vår, meir enn andre sin. Men fordi me er hans. Me, og alle.