NRK Meny
Normal

Bøn er samlande

I fellesskapet mellom desse elleve mennene og Maria og dei andre kvinnene var det bøn til Gud som heldt dei saman, seier Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen
Foto: Helge Helgheim / NRK

Teksten er henta frå Apostelgjerningane 1, 12-14.

Det manglar ikkje på informasjon i våre dagar. Både nyttig og unyttig. Gjennom alle kanalar og medier. Inn i vår eigen stove.

Av og til er det vanskeleg å skilje frå kvarandre kva ein har bruk for av alt ein får vite, og kva ein berre bør gløyme, like fort som sist.

I dag skal de få informasjon som eg synes er nyttig å ta med seg. Det er informasjon gjeve av legen Lukas; han som tydeleg såg det som ei oppgåve å fortelje dei som kom etter han om kva vi bør vite. Lukas fortalde oss nemleg juleevangeliet – om alt som skjedde i og rundt stallen i Betlehem. No er det ei anna historie han vil fortelje. Den er som følgjer:

I Jerusalem har Jesu disiplar vore vitne til at han reiste opp til himmelen. Dei såg han i ei sky. Han vart borte for auga deira. Dei er att åleine, dei som har vore så avhengige av han.

Den oppstadne Kristus har jo vore med dei kvar dag. Korleis skal dei no greie seg?

I Apostelgjerningane skriv Lukas:

Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei dagsreise unna. Inne i byen gjekk dei opp på den salen der dei brukte å halda til. Det var Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tommas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob. Alle desse heldt trufast saman i bøn, i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og syskena hans.

For meg er det av stor informasjonsverdi å få vite alt dette. Ikkje minst namna på alle dei som var der saman: Peter, Johannes, Tommas, Bartolomeus, Simon…..Maria, mor til Jesus. På ein merkeleg måte gjer det at eg også kan tru:

Desse vanlege menneska, som vi kanskje kunne greie å finne ut meir om viss vi ville, var saman og bad. Dei delte gleder og sorger; håp og nederlag, dei var der. Dei var saman fordi dei trudde på Jesus!

Informasjonen frå forfattaren er gull verd for meg, men likevel ganske sparsomleg. Han fortel ingenting om korvidt dei er glade eller triste, håpefulle eller vonlause…

Berre at dei var der, som ein del av eit fellesskap. Ein liten detalj ligg det i forteljinga, forresten: Dei heldt trufast saman i bøn.

Så veit eg dette: I fellesskapet mellom desse elleve mennene og Maria og dei andre kvinnene var det bøn til Gud som heldt dei saman. Utan at dei sjølv visste det, var det dei hadde saman det fyrste kristne fellesskapet. Ei kyrkje.

Vanlege menneske som trudde på Jesus. Som heldt trufast saman. Som bad til Gud.

Det vil eg også vere ein del av!

Skriv e-post til Ragnhild Jepsen.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer salmen ”Se, solens skjønne lys og prakt” framført av Sunnmøre Kristelige Ungdomskor under leiing av Per Oddvar Hildre.

Høyr andakten 25/5.